Gå til sidens hovedinnhold

Førar mista kontrollen - rulla rundt

Artikkelen er over 4 år gammel

– Ulukka skjedde då føraren gjorde ei forbikøyring.

Det seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Lars Geitle til Avisa Nordhordland.

Politiet fekk melding om utforkøyringa kl. 12.34 tysdag ettermiddag.

Ulykka skjedde i Modalskrysset, på E39 i Romarheimsdalen.

LES OGSÅ: – Han sprengde av seg handa

– Mista kontrollen

– Føraren har fortalt at han gjorde ei forbikøyring, og mista kontrollen over bilen grunna slaps og dårleg føre. Bilen rulla rundt, og hamna utfor vegen, seier Geitle.

Føraren, som er ein mann i 60-åra, kom uskadd frå hendinga.

LES OGSÅ: To bilar i kollisjon på Hundvin

Førelegg

Politiet gjorde eit avhøyr av mannen og har oppretta ein sak.

– Føraren erkjente at han køyrde uaktsamt, og han vedtok eit førelegg, seier operasjonsleiaren.

Kommentarer til denne saken