Trond Helge og Esther har ti barn: – No har vi veldig lyst på tvillingar

Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Familien Vabø består av mamma, pappa, ti barn, ein hund, seks kattar, fire høns, ein minigris og seks kaninar. – Ein kan ikkje akkurat bestille tvillingar, men vi har lyst å forsøke. Det hadde vore veldig gøy, for det har vi aldri hatt.

DEL

Klokka er ni på morgonen og junisola skin ned over åsen, og lyser opp det kvitmåla huset på Myking – huset med dei ti borna i. Ei høne trippar fornøgd på plenen, og innanfrå høyrest raske skritt over golvet, asjettar og glas som klirrar, og barn som ler og pratar. På Myking har det vore morgon ein god stund allereie.

LES OGSÅ: Nicholas vart født i bilen

– Heilt normalt for oss

– Velkommen inn, berre stig på, seier Caroline (17), som er den eldste i søskenflokken. Ho set seg på ein stol, med Leah (3) på fanget. Leah spør om ho ikkje kan få tyggisen storesøster har i munnen.

– Hehe, vi deler på alt her i familien, seier Caroline.

Familien Vabø er ein av norges største familiar, og med born i alderen eitt til 17 år, vert det ein travel kvardag. Vaskemaskina går minst to gonger dagleg året rundt, medan oppvaskmaskina surrar og går heile tida – i alle fall tre rundar kvar dag.

– Det er klart det er travelt til tider, men for oss er det dette som er normalt – alt går automatisk. Vi merka godt forskjell då vi fekk både nummer to og tre, men etter nummer fire merka vi knapt forskjell. Dei vart berre med i «dragsuget», seier Esther, som omtrent har vore i permisjon kontinuerleg dei siste 17 åra. Pappa Trond Helge er bussjåfør, og har mellom anna fått kommentarar som «du har jo fleire born enn du har passasjerar på bussen».

– I starten var mange negative og kritiske, dei sa at vi måtte tenka oss om før vi fekk fleire born – vi måtte jo kunne ta vare på dei og, men no har det snudd, no spør folk om når nestemann kjem, seier Trond Helge lattermild.

– Vert det fleire born, då?

– Vi har veldig lyst å prøve å få tvillingar, for det har vi ikkje hatt endå. Man kan ikkje akkurat bestille det, men vi ønsker i alle fall ein til, og om det hadde vorte tvillingar hadde det berre vore artig. Dei andre borna mente vi kunne ta prøverøyr, for å verta garanter tvillingar, hehe. Vi får sjå kva dette året bringar, seier dei to 10-bornsforeldra.

– Aldri kjedeleg

I gardshuset på Myking har dei tre soverom, noko som betyr at alle ungane må dela rom – nokre av dei søv også i same seng. Dei eldste er flinke til å passa på dei yngste, og samarbeid er eit viktig nøkkelord for å få alt til å gå opp.

– lærer å dela

– Eg sit ofte barnevakt, og veit nøyaktig når alle borna skal leggast, kva som må til for å få dei til å sova og kva dei liker å ha på brødskiva, seier Caroline (17), som sjølv ønsker ein stor familie når ho vert vaksen.

– Med så mange søsken lærer ein å dela, ta hensyn og forholda seg til andre. Vi har alltid nokon å vera med, og har det aldri kjedeleg, seier 17-åringen.

100 kroner per middag

Esther har ifølge mannen stålkontroll på alt og er «effektiviteta sjølv». Familien på 12 eit aldri middagar som kostar meir enn 100 kr – til saman.

– Vi kjenner butikkane i området inn og ut, og veit kor det er rimeleg brød, kor vi får tak i den billigaste kjøttdeigen og så vidare. Det er ein kunst å læra seg slikt, og vi handlar mykje datovarar. Kjøper fire kartongar med mjølk, som går ut om to dagar er ikkje det noko problem – dei kartongane er vekke på eit blunk. Når det handlast mat, er vi innom 3–4 butikkar, på den måten sparer vi hundrevis av kroner, fortel Trond Helge.

Har seks fadderborn

Trond Helge og Esther har alltid ønska seg mange born, og ser på kvart born som ei velsigning.

–Vi har stor rikdom, sjølv om vi ikkje er rike på pengar. Det er absolutt ingen sjølvfølge å få born, og vi føler oss veldig heldig, seier foreldra, som begge er personleg kristne.

– Vi prøver å læra alle ungane å vera takknemlege og setta pris på det vi har, mellom anna har vi har seks fadderborn i andre land, som vi jamleg gir pengar til. Det er viktig at borna forstår at ikkje alle har det like bra som oss, seier Esther.

Artikkeltags