Storstova på Leiknes sprekk med 10,5 millionar kroner

STORSTOVE: Leiknes skule og Hjelmås skal få si lenge etterlengta storstove. Men den vert monaleg dyrare enn politikarane opphaveleg hadde tenkt seg. ARKIVFOTO: YNGVE GAREN SVARDAL

STORSTOVE: Leiknes skule og Hjelmås skal få si lenge etterlengta storstove. Men den vert monaleg dyrare enn politikarane opphaveleg hadde tenkt seg. ARKIVFOTO: YNGVE GAREN SVARDAL

Artikkelen er over 4 år gammel

Klarar ikkje å halda seg innan rammene politikarane gav dei. Gløymte å rekna med med 100 rutemeter.

DEL

Bygginga av ei storstove på Leiknes vert dyrare enn kva politikarane hadde sett føre seg.

Dei har bestemt at kommunen skal bruka 28 millionar kroner på å få på plass ei lenge etterlengta storstove i Hjelmåskrinsen, men det viser seg å ikkje vera mogleg.

Etter anbodsrunde har administrasjonen oppdaga at det vil kosta minst 38,575 millionar kroner å få bygd storstova.  Det er ein prisauke på 40 prosent. Lenge før spaden er sett i jorda.

– Det som har skjedd her er at konsulentane våre har brukt gamle tal frå 2009, og så har dei ikkje justert dei, seier eigedomssjef i Lindås kommune, Therese Urdahl Braseth til avisa Nordhordland.

I tillegg har ein gløymt å auka storleiken på bygget frå 1400 til 1500 rutemeter, noko som og er med på å dra opp prisen på prosjektet.

– Korleis kan dette skje?

– Kva skal eg seia til det? Me brukar jo erfaringstal me har. I kommunen har me berre hallen me bygde på Lindås til 15.000 per rutemeter. Men det er jo ein større hall, og dess større hall, dess lågare rutemeterpris, seier ho.

Det er ei politisk avgjerd at storstova skal kosta 28 millionar kroner.

– No har me knadd den så masse som mogleg, og noko billigare enn dette klarar me ikkje å bygga det, meiner ho.

Braseth seier at det kunne vore mogleg å oppdaga at dei ikkje ville klara å halda seg innan politikaranes ynskjer tidlegare.

– Men prosjektet ville kosta det same uansett, seier ho.

– Korleis er det mogleg å gløyma 100 rutemeter?

– Det kan du seia. Eg har ikkje noko godt svar på det, seier ho.

Det er eksterne folk som har stått for arbeidet med kalkylar og areal.

– Er det dei eller Lindås kommune som har gjort ein for dårleg jobb her?

– Eg vil ikkje seia kven som har gjort ein for dårleg jobb, seier Braseth.

No har kommunen tre alternativ meiner administrasjonen. Anten å vedta prosjektet med utvida ramme men uten utescene, lysanlegg og vindauger eller å vedta prosjektet med utvida ramme og inkludere alt. Det mest dramatiske alternativet er å avlysa konkurransen og anten la skulen stå utan gymsal og auditorium eller å planlegga kun for gymsal.

Konsekvensen ved å ikkje bygga gymsal er at elevane ikkje får den undervisninga dei har rett på ifølgje opplæringslova. Bygger dei berre ein gymsal mister dei auditoriet og lagerplass. Skulen har i dag nådd kapasitetsgrensa for undervisningsareal og har derfor behov for eit auditorium, som vil avhjelpe på situasjonen. I tillegg vil bygda miste storstova som Bygdelaget har kjempa for.

Reint økonomisk vil ein miste 5,9 millionar i tippemiddel og støtte frå Bygdelaget. Det vil koste ekstra i omprosjektering, utlysing av forespørsel og ekstra løns og prisauke. Det er ikkje rekna på kor mykje ei gymsal vil koste.

Rådmann Ørjan Raknes Forthun kallar det heile for ei økonomisk utfordring.

Ein konsekvens no er at andre prosjekt kan verta skyvd på i tid for å få råd til storstova.

– Lindås kommune står framføre fleire store byggeprosjekt. Kan de garantera at dei ikkje sprekk så mykje før det i det heile kjem i gang med bygginga?

– Me har betre erfaringstal med skular. Det er bygd ein del i Bergen i det siste. Når me planlegg ein skule brukar me rutemetertal me er trygge på, seier Braseth.

Ho er og sikker på at dei skal klara å bygga ei storstova for 38,575 millionar kroner, om politikarane bestemmer seg for det.

– Me kan jo aldri garantera noko, for ting kan skje. Men anbodsgrunnlaget forøvring føler eg meg trygg på, seier ho.

No er det altså opp til politikarane kva som er framtida for storstova. Arbeidarpartiet og KrF har ikkje drøfta saka i sine grupper torsdag kveld, medan Framstegspartiet alt har hatt gruppemøte om saka og har  bestemt seg for å gjennomføra prosjektet, sjølv om det kostar Lindås kommune ti millionar kroner meir.

Du kan lesa meir om saka i laurdagsavisa vår!

Artikkeltags