Fylkesmannen avviser skjenkeklage

Lars Alvær Hagesæter, Gudmund Husdal og  Inger Helen Midtgard: – Me har samla inn pengar til storstova, men når den er ferdig er den plutseleg ein del av skulen. Me driv ikkje med innsamling av pengar til Lindås kommune eller Leiknes skule. Då hadde me aldri fått inn dei 1,7 millionane, uttalte Midtgård i vår.

Lars Alvær Hagesæter, Gudmund Husdal og Inger Helen Midtgard: – Me har samla inn pengar til storstova, men når den er ferdig er den plutseleg ein del av skulen. Me driv ikkje med innsamling av pengar til Lindås kommune eller Leiknes skule. Då hadde me aldri fått inn dei 1,7 millionane, uttalte Midtgård i vår. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Fylkesmannen avviser klaga om skjenking i Storstova på Leiknes frå Inger Helen Midtgård. Innhaldet i klaga er ikkje vurdert.

DEL

Fylkesmannen i Hordaland har ikkje vurdert klaga frå Inger Helen Midtgård på Lindås kommune sitt vedtak om å nekte skjenking i Storstova på Leiknes. Ikkje vil Fylkesmannen vurdere klaga heller, går det fram av brev sendt frå Fylkesmannen til Lindås kommune.

Årsaka er at Fylkesmannen meiner Midtgård ikkje har klagerett, sidan hendinga klaga gjeld var Midtgård sitt 50-årslag i vår, og dermed ligg tilbake i tid.

«Dette er eit arrangement tilbake i tid, og vi finn difor at saka ikkje lenger har aktualitet for Midtgård. Ho har difor ikkje klagerett, jf. forvaltningslova § 28, og vi avviser saka», heiter det i brevet frå Fylkesmannen.

Artikkeltags