– Heilt uverkeleg å få prisen

PRISVINNAR: John Helge Walderhaug fekk søndag tildelt Leif Øksnes minnepris for sitt store engasjement for barn og ungdom. Her saman med foreldra til Leif Øksnes Kari Gerd og Erling Øksnes. – Det å kunne vera med dela ut denne prisen, er både trist og fint på same tid, seier dei.
Ein røyrt og takksam John Helge Walderhaug vart søndag tildelt Leif Øksnes minnepris for sitt store frivillige engasjement. – Dette var ei stor overrasking.
Styret i Leif Øksnes Minnefond var samstemte i at prisen i år skulle gå til John Helge Walderhaug.
– Han har eit stor engasjement og gir seg ikkje. Han er uredd, og er kjent for å vera ei eldsjel som står på for bygda, barn og ungdom, seier Lindåsordførar Astrid Aarhus Byrknes i sin begrunning.
LES OGSÅ: – Det har vorte utruleg fint
– Var ikkje i mine tankar
Walderhaug vart svært overraska og røyrt over tildelinga.
– Det er heilt uverkeleg å få denne prisen – det var ikkje i mine tankar! Men når eg ser alle dei glade borna og ungdommane eg har fått lov til å gjera kvardagen lettare for, er det ikkje tvil om at alle ei frivillige timane har vore kvar time verd.
Walderhaug vart på grunn av ryggproblem arbeidsufør i 2009, og har sidan den gong jobba tallause frivillige timar for Lindås IL.
– Lindåshallen har timar disponible også for dei som ikkje vil driva med organisert idrett, og det er eit viktig tiltak for å halde barn og unge i aktivitetar som passer kvar enkelt. For meg er det viktig at alle skal føla seg trygge og velkomne i Lindås Idrettslag, seier prisvinnaren.
Kommentarer til denne saken