Dei seier Knut Fyllingsnes, som er pappa til tvillingane Andrea og Kristoffer (7). Borna går i 2. klasse på Eikanger skule, og den 3,1 kilometer lange skulevegen frå huset i Fyllingsnes til skulen, er prega av uoversiktlege svingar og smal veg utan fortau.

– Kjem det store køyretøy, er det nesten ikkje plass å stå på vegskuldra mens køyretøy passerer. Etter mi meining er det ein betydeleg risiko å sleppe to sjuåringar åleine på skulevegen slik det er no. Som pappa er eg redd borna mine skal verta påkøyrt, og i verste fall drepen på veg til skulen, seier han.

LES OGSÅ: undefined

Fekk avslag

I mai sende Fyllingsnes ein søknad til Lindås kommune om skuleskyss, som han førre veke fekk avslag på.

– Eg vert frustrert, og lurer på kva slags kompetanse dei som vurderer søknaden sit på. Kor gale skal det vera for at man skal få innvilga skuleskyss? Tenker dei på pengar, eller ungane? spør han seg.

Han meiner skulevegen er så farleg at han ikkje tek sjansen på å la borna gå sjølv.

– Eg både køyrer og hentar dei kvar einaste dag. Ein kan ikkje rekna med at eit barn på 7 år kan lesa trafikkbildet slik vaksne, som er i trafikken til dagen gjer.

LES OGSÅ: undefined

Kaos ved skulen

Fyllingsnes meiner konsekvensen av farleg skuleveg, er at det hopar seg opp med bilar rundt skulen.

– Det er kaos når alle foreldra skal hente og levera ungane sine. Det er ikkje parkering ved skulen, og då vert det slik. Situasjonen hadde vorte mykje betre om ungane hadde skuleskyss, meiner han.

No håper Fyllingsnes Lindås Kommune vurderer saka på nytt, og gjer ei synfaring på skulevegen, slik at dei med eige auge ser kor farleg vegen er.

– Det hadde betydd mykje for oss som foreldre om vi fekk innvilga skuleskyss for borna våre – da hadde vi slappa meir av og ikkje trengt å uroa oss for om dei kjem seg trygt fram til skulen.

– Skummelt

Andrea og Kristoffer sjølv synest òg at skulevegen er utrygg.

– Eg synest det er skummelt å gå til skulen. Eg er redd for at eg går på feil side. Bilane kjem køyrande fort, seier Andrea.

Kristoffer fortel at han synest det er vanskeleg å hugsa på kva for ein side han skal gå på.

– Eg veit ikkje forskjell å høgre og venstre heller, så då vert det i alle fall vanskeleg, seier han.

Skal ta ny vurdering

Einingsleiar for grunnskulane i Lindås, Ragna Midtbø, fortel at det tidlegare har vore vurder om Fyllingsnesvegen er særleg farleg, og at det då mellom anna vart gjennomført ein bilteljing.

– Konklusjonen etter førre teljing var at trafikken på vegen ikkje var ein avgjerande faktor som tilsa at vegen var særleg farleg, seier ho.

Midbø har fram til ho vore saksbehandlar på vegane i Lindås ungdomsskulekrins, og har difor ikkje oversikt over førre synfaring på den aktuelle skulevegen vart gjennomført.

– Kommunen kjem til å gjennomføra ei ny synfaring i september, kor vi skal avgjera om skulevegen er særleg farleg eller risikofylt på vinterstid, når vegen vert smalare på grunn av snø og is.

– Det kan altså henda at Andrea og Kristoffer får innvilga skuleskyss i vinterhalvåret?

– Ja, det er det vi må vurdera.

Trafikktettheit, veidekke, bredde på vegen, vegskulder og generelt sikt er noko av punkta Midtbø kjem til å vurdera i den nye synfaringa.

– Ofte er det stor forskjell på kva foreldra opplever som farleg skuleveg, og kva som kan definerast som «særleg farleg og særleg risikofylt», seier Midtbø.