I framlegget som no er ute på høyring er det fremma forslag om å fjerna delar av eigedomskatten på verk og bruk, noko som vil få store konsekvensar for mange kommunar, også her i Nordhordland.

LES OGSÅ: undefined

– I høyringa står det at dette vil få store konsekvensar for Lindås med over 100 millionar i tapte inntekter, seier ordførar Astrid Aarhus Byrknes. Ho seier konsekvensane av dette vil vera dramatiske.

– Tungt på mine skuldrer

– Eg kjenner dette tungt på mine skuldrer, dette er ei veldig viktig sak for kommunane. Mange vil merka det på kroppen om dette framlegget vert ståande, seier ho.

– Det får store konsekvensar og utfordringar, både for innbyggarane, verksemder og kommuneadministrasjonen.

– Dette er eigentleg ei kjempestor sak, det er eit 100 år gammalt lovverk som no er foreslått å gjera store endringar på, eller nærast utradere, seier Byrknes.

LES OGSÅ: undefined

At temaet rundt eigedomsskatt ville bli tatt opp kjem ikkje som noko overrasking, og er i tråd med Sundvollerklæringa frå regjeringspartia, men innhaldet og framgangsmåten reagerer Byrknes kraftig på.

– Høyringsnotatet kom 18. juni, rett før ferien, og går mykje lenger enn det vart sagt på førehand, då vart fleire med meg veldig forundra. Høyringsfristen er rett etter valet, eg forstår ikkje heilt kvifor dei gjer det på den måten, i ei så stor sak som er dramatisk for kommunane, seier ho. Byrknes håpar regjeringa vil trekka heile framlegget.

– Dersom regjeringa ikkje vil trekka forslaget, noko som skal mykje til, så må vi i alle fall som minimun få gjennom at det skal greiast ut i eit lovutval.

Blir hardt råka

– Det er særs utfordrande for oss at det ikkje står noko om overgangsordningar eller kompensasjon i høyringa, det står berre at det skal ein sjå på etterpå. Då vert det vanskeleg for oss å sjå på kva konsekvensar dette vil føra til, vi har ingenting å forholda oss til, seier ho.

LES OGSÅ: undefined

Også Austrheim kommune vil bli råka hardt av dette framlegget, mellom anna vil den forventa auken i inntekt i samband med røyrleidninga frå Johan Sverdrup falla bort.

– Eg trur dei dummar seg skikkeleg ut no. For det dei gjer no er å erta på seg 300 av landets kommunar, seier ordførar i Austrheim, Per Lerøy frå Arbeidarpartiet til NRK Hordaland.