Peder (24) skal passa på politikarane i Lindås

KLAR: Peder Jøsendal (SV) vert truleg landets yngste leiar for eit kontrollutval.

KLAR: Peder Jøsendal (SV) vert truleg landets yngste leiar for eit kontrollutval. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Det har aldri vore ein yngre leiar av eit kontrollutval i Lindås enn Peder Jøsendal (24). – Folk sperra opp augene då eg sa eg ville ta vervet på meg.

DEL

Det seier Peder Jøsendal sjølv til avisa Nordhordland.

Førre veke og denne veka har politikarane i Lindås kome fram til kven som skal sitja i dei ulike utvala, og ikkje minst kven som skal leia dei.

Leiar for Kontrollutvalet vert altså Peder Jøsendal (SV). Med det er han den yngste nokon gong i Lindås som har eit slikt leiarverv, og blant dei yngste i landet gjennom tidene.

LES OGSÅ: – Det er verdt å merka seg at Ap heller snur seg til høgre enn venstre

– Ikkje det mest populære vervet

Kontrollutvalet har ikkje noko politisk makt, men den har mynde til å gå politikarane i kommunen grundigare etter i saumane når det kjem til vedtaka deira eller tenestetilbodet i kommunen.

– Eg har fått med meg det at dette ikkje var det mest populære vervet å ha. Dei fleste unngjekk det, stadfestar han.

Jøsendal er den einaste politikaren som sit i utvalet, og har vald posten for å få ei stemme i politikken.

– Alternativet mitt var å inngå som ein del av opposisjonen som eit av to veldig små oposisjonsparti med berre ei stemme kvar, seier han.

Jøsendal peikar på at i både Levekårsutvalet og Plan og miljøutvalet sit Ap og KrF med store delegasjonar.

– Eg ser for meg at når dei bestemmer seg i ei sak, vert det slik uansett, peikar han på.

Jøsendal er til dagleg student ved Juridisk fakultet ved Universitetet i Bergen, og seier rolla som utvalsleiar delvis treff det han utdannar seg til.

– Det er ei viktig rolle når utvalet fyrst kjem på bana. Utvalet skal gå forvaltninga etter i saumane på vegner av politikarane, og at det sit nokon som er klar til å gjera det med iver og vilje, er bra, meiner han.

LES OGSÅ: – Det er ei utfordring å vera ein litt radikal politisk utfordrar i ein kommune der det går relativt bra.

Likestilling og privatisering

Leiarrolla han har tatt på seg er ikkje særleg ettertrakta blant politikarane, særleg grunna mangelen på politisk makt.

– Det oppstod litt diskusjon om kven som skulle ha vervet. Og ved å ta det på meg frivillig, har eg bidratt til å løfta vervet, slik at det ikkje berre er ein lite attraktiv for den som har det, seier han.

Varaordførar Nina Bognøy (Ap) er nøgd med at Jøsendal tek på seg leiarrolla.

– Eg er sikker på at han kjem til å gjera ein god jobb. Ingenting er betre enn at ein av dei som verkjeleg brenn for rolla, får den, seier ho.

– Han kjem og til å verta ein av dei yngste som nokon gong har hatt ei slik rolle, seier ho.

Sjølv om Jøsendal skal leia eit ikkje-politisk utval, skal han vera synleg i Lindås-politikken dei neste fire åra. Kampen for likestilling og mot privatisering vil få sterkt fokus. Og sjølv om han ikkje legg skjul på at politikken til han og partiet ligg opp mot Ap og KrF, lovar han ikkje dei støtte i alle saker.

– Det vil visa seg kor langt mot sentrum dei legg seg. Men i utgangspunktet tykkjer eg ein konstellasjon med hovudvekt på Ap og KrF appellerer til meg, innrømmer han.

No gler han seg til å koma skikkeleg i gang med politikken.

– Eg ser fram til fire år i kommunestyret. Vel er eg åleine frå partiet, men førebels må eg rett og slett innrømma at folk har vore veldig imøtekomande og all right med meg, sluttar han.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken