Politiet måtte gripe inn på hyttefest

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Natt til laurdag, klokka 0421, fekk poltiet melding om ein fest som hadde gått litt over styr på ei hytte i Eikangervåg.

I følge meldar var festen veldig høglydt, og det blei gjort forsøk på å skilje nokre av festdeltakarane då det hadde utvikla seg amper stemning mellom dei.

LES OGSÅ: Bil køyrde av vegen og hamna på taket

– Vi var på staden, og fekk roa dei ned, fortel operasjonsleiar Kjersti Eidsnes ved politiets operasjonssentral i Hordaland laurdag morgon.

Ho fortel at ein av festdeltakarane blei køyrd tilbake til Knarvik, men ar ingen vart melde til politiet.

– Det ordna seg. Det blei inge slåsting, og ingen vart politimelde.

Elles kan ho informere om at det har vore ei roleg natt i Nordhordland.

Artikkeltags