Bil utsett for hærverk i Lindås

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Torsdag kveld fortalde operasjonsleiar Morten Kronen ved Vest politidistrikt om ein lei episode i Lindås.

– Ei kvinne tok kontakt med oss i ettermiddag rundt klokka 17.30. Ho fortalde at nokon hadde gjort skadeverk på bilen hennar, som stod parkert i Eikangervåg. Den var blitt ripa opp, fortel Kronen.

Etter samtalen med politiet skulle kvinna melde saka inn til forsikringsselskapet sitt.

– Ho vurderer å politimelde sake, opplyser Kronen.

– Sliky er jo ikkje noko kjekt, legg han til.

Kronen fortel at dei ikkje har fått melding om andre liknande tilfelle den siste tida.

– Det ser ut til at dette er eit eingongstilfelle, seier han.

Artikkeltags