- Heilt tankelaust

FORSØPLING: Ein Nh-tipsar har sendt dette bilde, som viser ulovleg søppelfyllings langs FV397. – Det er heilt utruleg at folk finn på å dumpa frå seg bosset sitt i vegkanten, seier Arne Eikefet, som er einingsleiar i Teknisk drift i Lindås kommune.

FORSØPLING: Ein Nh-tipsar har sendt dette bilde, som viser ulovleg søppelfyllings langs FV397. – Det er heilt utruleg at folk finn på å dumpa frå seg bosset sitt i vegkanten, seier Arne Eikefet, som er einingsleiar i Teknisk drift i Lindås kommune. Foto:

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

– Det er totalt uakseptabelt at folk dumpar frå seg søppel på denne måten. Enkelte tenker veldig lite på konsekvensar.

DEL

Det seier Arne Eikefet, som er einingsleiar i Teknisk drift i Lindås kommune.

Eikefet er sjokkert over kva folk får seg til å gjera når det kjem til å kasta frå seg boss i naturen.

– Det er heilt utruleg at folk finn på å dumpa frå seg bosset sitt i vegkanten. Her i Nordhordland har vi eit fantastisk system der ein kan levera frå seg avfall på mottakssystem heilt gratis. Det er tankelaust å berre lempa det i vegkanten, seier Eikefet oppgitt.

LES OGSÅ: Har rydda over tre tonn med boss

Spreier smitte

Avisa Nordhordland har fått tilsendt fleire bilde av forsøpling rundt om kring i Nordhordland. Alt frå bilvrak, plast og bildekk til bæsjeposar i turområde – også rett ved sidan av bossspann.

– For meg er det eit ubegripeleg fenomen å hiva ein pose med hundeskit på ein tursti eller ved sidan av bosspannet – i staden for oppi. Ein kan ikkje ha den haldninga at kommunen skal rydda opp i dette, eller setta opp bossspann over alt.

Eikefet rår folk til ta med bosset sitt heim, dersom dei ikkje finn søppelbøtte, eller den er overfylt.

– Det er inga unnskylding å legga søpla sitt rett ved sidan av bosspannet. Ikkje berre er det stygt, men det kan fort verta smittefare. Rotter og måker spreier fort søpla rundt, og då kan smitte, som mellom anna salmonella fort verta spreitt, seier han.

Eikefet trur noko av årsaka til tankelausheit ligg i at det er mindre av haldningsskapande arbeid i skule og barnehagar no enn det var før.

– For nokre år tilbake vart det arrangert ryddeaksjonar, der elevar var med på å plukka opp søppel i ulike område. På den måten lærte dei om konsekvensar i forhold til forsøpling, og at det ikkje er greitt å kasta frå seg boss i naturen. Slikt haldningsskapande arbeid burde det vore meir av, så tidleg som i barnehagen og på småskulen, meiner Eikefet.

LES OGSÅ: Rydda mange båtlass med søppel: – Fleire stader må ryddast

– Gidd ikkje køyra heim

Avisa Nordhordland har også fått tips om forsøpling på utsida av gjerdet på Mjåtveit Gjenvinningsstasjon.

– Dette trur eg folk gjer av bekvemmelege grunner. Dei trudde kanskje stasjonen var open på tidspunktet dei var der, men når dei oppdagar at det er stengt, gidd dei ikkje køyra heim med bosset, og legg det i staden på utsida. På den måten lager dei meir arbeid for oss, for det er jo oss i NGIR som må rydda opp i dette, seier Rune Ones, seniorrådgivar i NGIR, som meiner dette er særdeles slett oppførsel.

Han meiner det største problemet med slike hendingar, er at bosset fort vert spreitt for alle vindar.

– Opningstidene på gjenvinningsstasjonane finn ein på nett. Kjevikdalen gjenvinningsstasjon er open nesten kvar dag, så er det stengt på stasjonen i nærleiken av der ein bor, kan ein køyra dit, rår han.

Artikkeltags