Politiet leita etter mann som skal ha sprunge ved sidan av bilen sin

Artikkelen er over 4 år gammel

– Det er jo ikkje heilt normalt, seier politiet.

DEL

Politiet i Nordhordland har i natt leita etter ein kar, som dei fekk ei noko spesiell melding om i løpet av natta.

– Det vart observert ein mann som gjekk ut av bilen medan den enno var i fart, og sprang ved sidan av den medan den trilla vidare, seier operasjonsleiar Bjarte Rebnord ved Vest politidistrikt til Avisa Nordhordland.

– Det er jo ikkje heilt normalt, seier han.

Hendinga skal ha skjedd på industriområde sør, i tilknyting til CCB Mongstad sin forsyningsbase. Men jakta etter mannen strakk seg frå Seim til Mongstad.

LES OGSÅ: Tenåringar stod på gangbru og urinerte bilar 

Etterkvart fann politiet mannen, og etter ein sjekk viste det seg at han køyrde rundt med promille.

– Han hadde lågpromille, altså under 0,5. Difor er ikkje førarkortet tatt frå han, men saka vil verta fulgt opp, seier han.

– Men kva som gjekk føre seg då han sprang ved sidan av bilen, kom me aldri heilt til bunns i, sluttar han.

Artikkeltags