LIK AVISA NORDHORDLAND PÅ FACEBOOK
Sju bedrifter frå heile Nordhordland stakk av med heile 350.000 kroner i støtte, torsdag ettermiddag.
For å hjelpa bedrifter har Sparebanken Vest oppretta eit nytt fond for næringslivet kalla Spinn-fondet, som dei skal dela ut pengar frå ein gong i året. Fyrste gong var altså torsdag.
Nøkkelen med fondet var omstilling og nyskaping og alle bedrifter som er lokalisert i dei ni nordhordlandskommunane kunne søka om midlar, både nye og gamle.
LES OGSÅ: Greenstat vil ha gigantisk hydrogensatsing på Mongstad
Og at oljekrisa er over oss for fullt er svært tydleg, då ein såg på antalet søknader som var kome inn til fondet.
Heile 49 søknader kom inn.
– Det var eit høgt nivå på søkarane, og dette viser at det er eit enormt stort behov for midlar, seier assisterande banksjef i Sparebanken Vest, Beate Korsøen.
LES OGSÅ: Beate deler ut ein kvart million kroner
Opphaveleg var det sett av 250.000 kroner i fondet, men grunna den store interessa vart summen auka til 350.000 kroner i år.
Bedrift | Lokasjon | Støtte |
Hillesvåg ullvarefabrikk | Lindås | 25.000 |
Stordalen fjellstovve | Masfjorden | 25.000 |
Multioffshore | Gulen | 50.000 |
Motitech | Meland | 50.000 |
Northern & Co. | Fedje | 50.000 |
Greenstep | Bergen/Mongstad | 75.000 |
Frekhaug stål | Meland | 75.000 |