Oljekrisa er over oss med full kraft og det merkast godt i Nordhordland. Arbeidsløysa stig bratt og mange bedrifter har gått konkurs.
LES OGSÅ: undefined
For alle i Nordhordland
For å hjelpa bedrifter har Sparebanken Vest oppretta eit nytt fond for næringslivet kalla Spinn-fondet, som dei skal dela ut pengar frå ein gong i året. Fyrste gong vert alt i november i år.
– Alle bedrifter som er lokalisert i dei ni nordhordlandskommunane kan søka om midlar, seier Børge Brundtland i Industriutvikling Vest.
Han sit i juryen saman med Frode Langhelle frå Nordhordland handverk og industrilag og assisterande banksjef i Sparebanken Vest, Beate Korsøen.
– Pengane kan og gå til bedrifter som har prosjekt som er relatert til regionen, seier Brundtland.
Dei har i år 250.000 kroner å dela ut. Pengane kan anten gå til ein vinnar, eller summen kan delast på fleire.
LES OGSÅ: undefined
To kategoriar
– Håpet er at summen skal verta større på sikt. Men det er avhengig av banken sitt overskot, seier Korsøen.
Ein kan melda seg på elektronisk, mellom anna via banken sine nettsider, men juryen står og fritt til å foreslå kandidatar. Det viktigaste er at ein held seg innanfor dei to kategoriane nyskaping og omstilling.
– Det ligg mykje i dei to orda, seier Korsøen.
Ho meiner det bør vera moglegheiter for mange å søka om midlar her.
LES OGSÅ: undefined
– Flott bidrag
– Både nye og etablerte bedrifter bør vera dekka her. Me vil ikkje legga for mange føringar, difor har me spissa det for å visa konkret kva ein går til, seier ho.
Frode Langhelle er einig.
– Dette med fokus på omstilling er viktig, men også dette med nyskaping i det eksisterande næringslivet. Dette er eit flott bidrag, seier han.
Børge Brundtland i Industriutvikling Vest er nøgd med initiativet til banken.
– Det er prisverdig av dei å stilla midlar til rådvelde, det er til stor inspirasjon for dei bedriftene som kjem inn under kriteria, seier han.
Brundtland kallar dette byrjinga på noko meir.
– Dette ser me veldig positivt på, sluttar han.
Søknadsfristen for stipendet er 15. oktober og utdelinga vert gjort i Knarvik 19. november.