600 utan jobb: Her er det flest arbeidslause i Nordhordland

Havsportveka 2013

Havsportveka 2013 Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Arbeidslausa er på veg rett oppover i Nordhordland. I Austrheim har arbeidslausa gått opp med 86 prosent siste året.

DEL

– Dette gjer grunn til uro, seier Austrheim-ordførar Per Lerøy (Ap) til avisa Nordhordland.

Kommunen hans har hatt ein auke i arbeidslausa på heile 86 prosent det siste året. No er det54 arbeidsledige i kommunen hans, det utgjer 3,6 prosent av arbeidsstokken.

LES OGSÅ: Nye tider på Mongstadbase

Lerøy seier det er krisa i oljebransjen dei merkar i kommunen hans no. Ein konsekvens av at arbeidsløysa stig, er og at skatteinngangen til kommunen vert dårlegare. Dei tapar rett og slett pengar.

– Me antek at me vil få eit minus på mellom fem og ti millionar kroner i år, seier han. Av eit totalbudsjett på 260 millionar kroner, er 5-10 millionar kroner mykje pengar. I 2014 gjekk dei sju millionar kroner i minus.

– Då måtte me tappa fonda våre fullstendig, seier han.

LES OGSÅ: Avisa Nordhordland tok tempen på Mongstad for eit halvt år sidan

I tillegg til skattevikt slit dei med kostnadsauke innan barnevern og på sosiale utgifter.

– Me er eit offer for internasjonale konjukturar, seier Lerøy.

Men han ser lys i sikte. Svært skarpe lys.

– Det som skjer med Mongstadbase og det som skal skje med Johan Sverdrup gjer nok livet litt enkare for oss frå 2016 av, seier han.

Difor jobbar dei med ein plan som seier at dei skal ta inn att budsjettunderskota i løpet av dei neste tre åra.

– Det er ingen dyster stemning her. Dette fiksar me, og me føler oss rimeleg trygge på å unngå ROBEK-lista, seier han.

Kommune Antall ledige Prosent ledige Endring antal ledige Endring prosent
Lindås 280 3,50% 80 40%
Meland 159 3,90% 41 35%
Radøy 86 3,30% 5 6%
Austrheim 54 3,60% 25 86%
Gulen 14 1,10% 4 40%
Masfjorden 12 1,40% * *
Fedje 6 2,30% * *

Kjelde:NAV

– Utviklinga så langt i år visar at det ligg an til ei sterkare auke i arbeidsløsa enn den vi først anslo, og vi ser ikkje signaler i marknaden om at utviklinga vil endra seg i løpet av året. Sysselsetjinga aukar framleis, men ikkje i same tempo som befolkningsveksten,  seier fylkesdirektør i NAV, Anne Kverneland Bogsnes i ei pressemelding.

I august var arbeidsløysa i Hordaland på 2,9 prosent av arbeidsstyrka. Det betyr ei auke på 1388 personar samanlikna med same periode i fjor. 151 av dei som har mista jobben siste året, 11 prosent, bur i Nordhordland.

I august er det flest ledige innan industriarbeid (1162) og bygg og anlegg (942). Det er også framleis ei sterk auke i talet på heilt og delvis permitterte sidan august i fjor, frå 136 til 580 personar. Auka er på heile 326 prosent.

LES OGSÅ: Bygger ut tomteland for millionar

– Vi veit av erfaring at ei sterk auke i talet på permitterte kan være eit signal om at verksemdene har eit håp om at ting skal snu, seier fylkesdirektør i NAV Hordaland, Anne Kverneland Bogsnes.

Rekna i prosent er det flest ledige i Meland av Nordhordlandskommunane. Men både Austrheim og Lindås kjem hakk i hel.

I reine tal er det naturlegvis storkommunen Lindås som har flest arbeidslause, med 280. Det er 40 prosent fleire enn det var i fjor på same tid. Men den største auken i arbeidslausa finn me likevel i Austrheim. Der er auken på heile 86 prosent på eit år. Det er no 54 personar utan jobb i Austrheim.

Det var seksten prosents nedgang i talet på utlyste stillingar samanlikna med august i fjor.  Det er yrker innan industriarbeid og barne- og ungdomsarbeid som har hatt størst nedgang i talet på utlyste stillingar. 

Medan arbeidsløysa i landet totalt auka med sju prosent samanlikna med august  i fjor, oppleva Hordaland ei auke på 21 prosent. Berre Rogaland og Møre og Romsdal opplever sterkare auke i arbeidsløysa samanlikna med fjoråret. Hordaland ligg framleis under landsgjennomsnittet på 3,1 prosent. 

Artikkeltags