Klagar på utbyggingsplanar i Knarvik: – For stort og dårleg

KLAGAR: Ein bebuar i det eksisterande Knarvik terasse klagar på dei nye planane om vidare utbygging i området, og meiner det er for stort og dreg med for masse trafikk. ARKIVFOTO: YNGVE GAREN SVARDAL

KLAGAR: Ein bebuar i det eksisterande Knarvik terasse klagar på dei nye planane om vidare utbygging i området, og meiner det er for stort og dreg med for masse trafikk. ARKIVFOTO: YNGVE GAREN SVARDAL

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Naboane i Knarvik terrasse reagerer på dei storstila byggeplanane i området.

DEL

– Eg og fleire her nede reagerer sterkt på storleiken på bygget. 40 bueiningar er alt for stort, skriv Arvid Vatnøy i eit brev til Lindås kommune.

ANNONSE: Få 50 prosent rabatt på Avisa Nordhordland ut året.

3000 rutemeter

Han bur i Knarvik terrasse og er styremedlem i sameiga.

Som avisa Nordhordland skreiv om i slutten av september, har Stoltz AS planar om å bygga mellom 36 og 40 nye leilegheiter i Knarvik. Dei jobbar med rammesøknaden no, og planen er salsstart over nyttår.

Bygget på 3000 rutemeter buareal har dei planlagt i lenger tid. Bygget skal vera fire etasjar høgt med parkering i kjellaren.

Vatnøy og naboane fryktar og for den auka trafikken i området.

– Bygget vil dominera altfor mykje i forhold til dei andre blokkene, og det vil generera meir trafikk enn kva vegen er dimensjonert for. Auka folkemengd vil og kunne trua det relativt rolege bumiljøet vi i dag har her nede, skriv Vatnøy.

LES OGSÅ: Her skal dei bygga 40 nye leiligheiter

Vil halvera storleiken

Han krev difor at talet på bueiningar vert halvvert til 20.

– Omsynet til noverande og framtidige bebuarar må telja mykje meir enn omsynet til Stolz si lommebok, meiner han.

Lindås kommune har i eit svar til Vatnøy sagt at dei ikkje kan handsama klagen frå han enno.

Feil adressat

– Vi kan dessverre ikkje handsama dykkar skriv då vi ikkje har fått inn ein søknad om å bygga noko blokk på tomta per dags dato, skriv Siri Sylta i eit svar til Vatnøy.

– Etter det vi kjenner til er det heller ikkje sendt ut nabovarsel i samband med planane til Stolz. Når det blir sendt ut nabovarsel frå utbyggar, kan sameiget velja å senda inn ein protest mot det varsla tiltaket, peikar ho på.

Rune Matre i Stoltz AS vil ikkje kommentera påstandane frå Vatnøy.

Det har ikkje lukkast avisa Nordhordland å komma i kontakt med Vatnøy for kommentar i saka.

LES OGSÅ: Hamneplanane på Fedje kan havarere

Artikkeltags