Stal verktøy i Knarvik
Artikkelen er over 3 år gammel
I løpet av helga har uvedkommande forsynt seg av verktøy frå ein byggeplass på Langheiane i Knarvik.
– Det er stole verktøy frå eit bygg under oppføring i Lonsvegen, seier lensmann Kjell Idar Vangberg.
LES OGSÅ: Politiet trudde føraren hadde stukke av
Politiet fekk melding om innbrotet mandag morgon.
– Det har truleg skjedd i løpet av helga, og vart oppdaga i dag tidleg, seier Vangberg.
LES OGSÅ: Tatt for ruskøyring gjentekne gonger
Dei er interesserte i tips frå publikum, og ber folk ta kontakt om dei har sett aktivitet rundt det aktuelle området i helga.
Det vart mellom anna stole ein skrumaskin for gipsplater, ein DeWalt streklaser og ein rotasjonslaser av merket Hilti.
LES OGSÅ: Mindreårige stod bak hærverk på busskur
Kommentarer til denne saken