Oppdaga oljesøl i Kvassnesstemma

LENSER: Brannvesenet lokaliserte utsleppet til den vestre delen av vatnet, og la ut lenser for å avgrensa spreiinga.

LENSER: Brannvesenet lokaliserte utsleppet til den vestre delen av vatnet, og la ut lenser for å avgrensa spreiinga. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Brannvesenet har lagt ut lenser for å redusere spreiing.

DEL

Lindås og Meland brann og redning fekk melding om mogleg oljesøl i Kvassnesstemma like over klokka 12 tirsdag, og kjørte ut med mannskap for kontroll.

Framme på staden fann dei oljefilm på vassflata, og la ut lenser for å avgrensa spreiinga av oljesølet.

LES OGSÅ: Motortjuvane er varetektsfengsla, men politiet leitar framleis etter motorane

Utsleppet vart lokalisert til å komma frå eit rør som renn ut i vestre del av vatnet, på sida mot Knarvik senter.

– Det vi veit er at oljesølet mest sannsynleg kjem frå plassen over vatnet. Politiet har tatt over vidare utgreiing, seier vakthavande befal i Lindås og Meland brann og redning, Ole Johan Ingebrigtsen.

– Vi har lagt ut lense, som vi håpar tar det som eventuelt kjem ned, det er dei tiltaka som er gjort, seier han.

Ingebrigtsen trur det er eit relativt lite utslepp.

LES OGSÅ: Mann i 20-åra braut kontaktforbodet mot eksen – Må sona fem månader

– Etter det vi funne ut er det eit lite utslepp, men det gjer mykje av seg på vassflata. Det ser ut som utsleppet har stoppa, men det har spreidd seg rundt heile vatnet, seier han.

OLJEHINNE: Etter det brannvesenet har funne ut er det eit lite utslepp, men det gjer mykje av seg på vassflata.

OLJEHINNE: Etter det brannvesenet har funne ut er det eit lite utslepp, men det gjer mykje av seg på vassflata. Foto:

Ingebrigtsen trur ikkje dette vil få nokon negative konsekvensar for området.

– Vi kjem til å følge med vidare, men sånn som det er no trur eg ikkje det vil få nokre konsekvensar for vatnet. Vi har gjort det vi kan så langt, så vil vi halde eit auge med det framover.

Artikkeltags