Kiwi nummer to i Knarvik

NY KIWI: 26. november opnar Kiwi ny butikk i Kvassnesvegen i Knarvik.

NY KIWI: 26. november opnar Kiwi ny butikk i Kvassnesvegen i Knarvik.

Artikkelen er over 4 år gammel

ICA har gitt seg, no er Kiwi på full fart inn i lokala.

DEL

- Det er eit bra marked for daglegvarer i Knarvik, difor ønskjer vi å etablera ein ny butikk i Kvassnesvegen, seier Jan Olav Mjøs, regionsjef i KIWI Vest til Avisa Nordhordland.

Han seier Kiwi har to butikkar som ligg tett mange andre stader i bergensområdet, og fryktar ikkje at dei skal konkurrera med seg sjølve.

– Vi har god omsetnad på oppsida av E39, og ser at det er ein marknad på nedsida også, seier han.

Ikkje parkerings-problem

Ei av utfordringane for ICA var etter det nh kjenner til, mangel på parkeringsplassar knytt til butikken.

Mjøs er ikkje redd for at parkeringa skal bli eit problem, sjølv om dei sjølvsagt kunne tenkt seg fleire plassar.

- Vi har 28 parkeringsplassar framfor butikken, og nokre plassar på baksida, seier han.

LES OGSÅ: Manger får apotek

Vart litt sjokkert

Butikksjef Janicke Moen i Kiwi i Knarvik senter seier dei vart ganske sjokkerte då dei fekk meldinga om at Kiwi ville opna endå ein butikk i Knarvik.

- Eg reknar med at målet er å ta kundar frå Rema, og ikkje å konkurrera med oss sjølve, seier ho.

Pussar opp

Kiwi-butikken i senteret er under oppussing.

- Vi skal tilpassa oss det nye Kiwi-konseptet, og skal rett og slett gjennom ei god, gammaldags ommoblering. Butikken vil stenga utpå ettermiddagen lørdag 7. november og halda stengt mandag 9., for nyopning dagen etter, seier Moen.

Artikkeltags