– Unfair av Knarvik senter

Kari Øvsthus, Hordaland fylkeskommune.

Kari Øvsthus, Hordaland fylkeskommune. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Fylkeskommunen med flengjande kritikk av påstandar frå senteret sine innleigde konsulentar.

DEL

– Eg vil gje honnør til Knarvik senter for at dei vil vera med i denne prosessen. Men eg synst de har vore unfair i dag, sa Kari Øvsthus frå Hordaland fylkeskommune i møtet til Knarvik senter, tysdag kveld.

– De har kome med ei rekkje påstandar som ikkje medfører riktigheit, sa ho.

Ho ville ikkje gå inn i detaljar på kva ho meinte var feil, men understreka at dette er ein transformasjonsplan, ein plan som skal legga grunnlaget for endringar i Knarvik, men at planen ikkje er låst.

– Og Knarvik senter er viktig, men no er det heile sentrum som tel, sa ho.

LES OGSÅ: Knarvik senter vil utsetja Knarvikplanen

Kritikken og påstandane frå arkitektgruppa Cubus og samfunnsplanleggaren i Opus gjekk mellom anna på at mellom anna meinte dei at kommunen bevist berre hadde detaljregulert sørsida av E39, det vart hevda at kommunen braut lova ved å la dei som bygger dei fyrste 30.000 rutemetrane i Knarvik sleppa unna utgifter til fellesområda og at planen var juridisk bindande for korleis bygga i Knarvik skal sjå ut.  Det vart hevda at ingenting kom til å sje dei neste fem til sju åra i Knarvik, og at det truleg ikkje kom til å komma bustader med det fyrste, då dei skulle plasserast oppå kontorlokaler og næringsbygg som ikkje kom til å komma med det fyrste, om i det heile.

Det vart og hevda at den ovale rundkøyringa som skal komma ved Shell, gjorde det umogleg å køyra inn til senteret frå den enden.

Alt dette vart tilbakevist av medlemmer frå Plan og miljøutvalet som var til stades. Det merka og ordførar Astrid Aarhus Byrknes seg.

– Det var eit interessant møte og det er flott at ein vil diskutera Knarvik og Knarvikbyen. Men det kom nok ein del feilinformasjon som planutvalet sine medlemmer redegjorde for, seier ho.

LES OGSÅ: Utbyggar meiner kommunen må ta større del av kostnaden

Ho gjer ros til Planutvalet i Lindås for jobben dei har gjort med planen.

– Det er eit utruleg komplisert planarbeid som har gått føre seg over fleire år. Det er mange partar inne, som har gjort at dette har tatt lang tid, peikar ho på.

Men no håpar ho planen vert landa innan sommaren.

– Er det seint av Knarvik senter å komma på bana no?

– Eg skulle ønska ein kunne ha snakka saman. Alle har fått komma med innspel, aller er ikkje like nøgde. Men nokon er nøgde og. Men når me no får landa planen, håpar eg me kan setja oss ned og sjå kva me gjer no. Kva kan me få realisert, seier ho.

Ho viser til at arbeidet med Helsehuset vil byrja om kort tid, deretter håpar ho andre kjem på bana.

–Knarvik senter har vore på banen før, men det verkar på meg som om dei har hatt sine løysingar som dei har holdt litt fast med, seier ho.

LES OGSÅ: Vil la deg bygga i 9 etasjar i Knarvik

Før ho legg til at ho ikkje vil gå inn i den diskusjonen, då ho ikkje er delaktig i den.

Odd Erik Haaland og Geir Vatnøy var likevel ikkje einig med korrigeringane frå politikarane.

– Når det gjeld utfordringane med rundkøyringa skjønar eg ikkje heilt kva dei meiner. Me har skjønt det slilk at det vert full stopp for varelevering og anna ved den austre delen av senteret, seier Haaland.

– Når det gjeld sørsida av Knarvik fekk Asplan Viak mandat til å utvikla berre sørsida, det kan sikkert dokumenterast, hevdar Vatnøy.

LES OGSÅ: Reduserer tøffe krav

Artikkeltags