– Det var ein sjølvfølge å hjelpa

1 LEGE PÅ HELSETUNET LEGEKONTOR: Mahmoud Kajjo frå Syria jobbar som lege i Knarvik. – Når eg ser i folk sine auge at dei er fornøgd med hjelpa dei får, vert eg utruleg glad. 2 ELSKAR Å REISA: Mahmoud har vore i store delar av Europa. – Eg har eit stort kart heime, og kvar gong eg har vore ein ny stad, kryssar eg det av på kartet.    3 ONKEL: Mahmoud er onkel til 18 barn. Han har eit spesielt nært forhold til dei to som mista pappaen sin i 2008, då Mahmoud kom til Norge for å hjelpa til. Bilde 2 og 3, foto: privat

1 LEGE PÅ HELSETUNET LEGEKONTOR: Mahmoud Kajjo frå Syria jobbar som lege i Knarvik. – Når eg ser i folk sine auge at dei er fornøgd med hjelpa dei får, vert eg utruleg glad. 2 ELSKAR Å REISA: Mahmoud har vore i store delar av Europa. – Eg har eit stort kart heime, og kvar gong eg har vore ein ny stad, kryssar eg det av på kartet. 3 ONKEL: Mahmoud er onkel til 18 barn. Han har eit spesielt nært forhold til dei to som mista pappaen sin i 2008, då Mahmoud kom til Norge for å hjelpa til. Bilde 2 og 3, foto: privat

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Mahmoud reiste til Norge for å hjelpa søstera si, då svogeren vart alvorleg kreftsjuk. På nattetid lærte han seg norsk på eiga hand.

DEL

Kurdiske Mahmoud Kajjo budde i Budapest, og var ferdigutdanna allmennlege då svogeren hans vart alvorleg sjuk. Sjølv om Mahmoud då utdanna seg til å verta kirurg, bestemte han seg for å avbryta skulegongen for å reisa til Norge å hjelpa sin dødssjuke svoger, si gravide søster og hennar to år gamle son, som hadde budd i Bergen nokre år.


– Planen var at eg skulle vera i Bergen nokre veker, slik at søstera mi fekk litt avlasting. Vi visste alle at mannen hennar ikkje hadde lang tid igjen å leva, og eg ville veldig gjerne vera til stades for familien. Dei hadde ikkje nokon andre til å hjelpa seg, difor var det ein sjølvfølge for meg å bidra.

Dagar vart til veker, og veker til månader. Mahmoud følgde svogeren til behandlingar på Haukeland, samtidig som han var ei støtte og hjelp for søstera i ei vanskeleg tid. Etter nokre månader tok Mahmoud ei rask, men viktig avgjering; han bestemte seg for å verta buande i Bergen. Familien trengde han, men han hadde også vorte hovudstups forelska i Bergen.


– Eg bestemte meg for at eg måtte læra meg norsk, og sjølv om eg synest det var eit vanskeleg språk, var eg fast bestemt på at eg skulle læra meg det. Eg nytta kvar anledning til å øva- viss eg hadde ei roleg natt las eg gramatikkbøker, høyrde på CD-ar og pugga norsk. Kvar gong eg følgde svogeren min på cellegiftbehandling, snakka eg norsk med sjukepleiarane. Dei var utruleg snille, for dei snakka tydeleg og sakte til meg, slik at eg forstod kva dei sa. Eg lærte mykje berre ved å snakka med dei, og då vart eg endå meir motivert.

LES OGSÅ: Spansklæraren Manuel flykta frå den politiske situasjonen i Chile, og fekk eit betre liv i Norge: – Grusomt å sitta i fengsel


Etter fire månader i Bergen begynte det å gå tomt for Mahmoud sine sparepengar, og kurdaren fann ut at han måtte få seg ein jobb for å kunne overleva. Ikkje lenge etter at han hadde søkt, fekk han jobb på eit legekontor i Bergen.


– Eg måtte jobba hardt med språket dei første månadene, og gjekk gjennom alt 2–3 gonger. Det vart mange lange dagar, eg sat på kontoret til klokka ni kvar kveld. Det var som å verta sendt på djupt vatn utan å kunne svømma.
Utan å gå på eit einaste norskkurs, og å vera heilt sjølvlært, klarte Mahmoud seg bra, og han jobba to på legekontoret i byen, før han jobba eit år i Åsane – for så å få jobb i Nordhordland. Sidan 2013 har han arbeida ved Helsetunet Legekontor i Knarvik. Då Mahmoud fekk jobb som allmennlege, var han usikker på om det var noko for han – planen var jo å verta kirurg. Men det tok ikkje lang tid før han fann ut at det å jobba som fastlege var både givande og spanande.


– Eg liker å kunne gjera alt mogleg og møte alle slags folk. Når eg ser i folk sine auge at dei er fornøgd med hjelpa dei får, vert eg utruleg glad.


Som lege vert det ikkje mykje fritid, men når Mahmoud har tid er han glad i å fiska, lesa bøker og å reisa.


– Reising er noko eg set høgt, og er veldig glad i. Eg har eit stort kart heime, og kvar gong eg har vore ein ny stad, kryssar eg det av på kartet. Eg har vore i store deler av Europa, fortel legen, som alltid set seg grundig inn i byen kan skal besøka.


– Når eg kjem fram veit eg nøyaktig kva eg skal gjera og kva eg skal sjå.

LES OGSÅ: – Kjærleik ved første blikk


Mahmoud er i ein søskenflokk på 11. Tre av søskena hans bor i Bergen, noko han set stor pris på. Spesielt nært forhold har han til søstera si og hennar to barn, som han hjelpte då han kom til Norge i 2008.


– Spesielt min vesle niese, som vart fødd berre eit halvt år etter at faren døde har stor tilknyting til meg – og eg til ho. Ho har no vorte 7 år, og ringer meg stadig vekk. Då seier ho «korleis går det med deg, vennen?». Sjølv om eg har ein travel kvardag er det fint å ha moglegheita til å sjå dei når eg vil.


For tida bur Mahmoud i eit hus på Osterøy, men har ein draum om å kjøpa seg ein bustad i Nordhordland.


– Eg elskar naturen i Norge, spesielt i Nordhordland. Uansett kor ein er, og kor ein snur seg får ein sjå ein fantastisk natur og utsikt. Nordhordland har fått ein spesiell plass i hjarte mitt. Ikkje berre er det vakker her, men eg synest folk som bur her er utruleg vennlege. Dei som bur her tar i mot folk frå andre kulturar på ein flott måte.


Legen frå Syria trur ikkje han nokon gong kjem til å flytta tilbake til heimlandet.


– Eg føler det er i Norge eg høyrer til, dette er min heim no.

Artikkeltags