Då Åge fekk denne på kroken, var skuffelsen stor

Skuffelsen var stor då Åge Jordal opna denne fisken, og det velta ut noko han meiner er pelletar; fiskefôr frå oppdrettsanlegg.

Skuffelsen var stor då Åge Jordal opna denne fisken, og det velta ut noko han meiner er pelletar; fiskefôr frå oppdrettsanlegg. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

– Då eg skulle sløye den, velta det ut med pellets. Det var veldig skuffande.

Det seier Åge Jordal frå Myking, som måndag kveld var på fisketur saman med barnebarna.  I fjorden mellom Jordal og Hosøy ved Myking fekk dei åtte fisk - deriblant denne vesle seien.

– Dei andre fiskane var fine, men frå denne velta det ut av det som ser ut til å vere heilt ferske pelletar. Dei hadde framleis fasongen, fortel Jordal.

Barnebarna lurte fælt

– Slikt er det ikkje noko kjekt å få når du har med barnebarna på fisketur, som jo lurer fælt på kva dette er, legg han til.

Jordal fortel vidare at han er motstandar av oppdrett.

– Det er så mykje oppdrett i fjorden her no, og dette er eit grelt eksempel på det. Dette meiner eg allmenta burde sjå.

Jordal blei skuffa då han opna fisken, og dette velta ut.

Jordal blei skuffa då han opna fisken, og dette velta ut. Foto:

Ikkje første gong

Han plar fiske ein del i området, og fortel at dei for ein del år sidan fekk ein del fisk som var fulle i pelletar.

– Fisken var heilt øydelagt då. Dei siste åra har det vore bra, men no er det tydelegvis eit eller anna som er feil.

Når det gjeld seien han fekk på måndag, såg den elles fin ut, og Jordal trur den har inntatt fiskefôret ganske nyleg.

– Men dei seier jo at det ikkje skal vere utslepp frå oppdrettanlegga, men denne fisken har jo tydelegvis funne fôret ein plass. Det ligg fire anlegg inne i fjorden her, fortel Jordal som trur at pelletsane må komme frå ein av desse.

– No var det berre denne eine fisken vi fekk, men det var likevel ein stor skuffelse. Det er ikkje slik det skal vere, fastslår han.

Artikkeltags