Såtabu vert dagsenter

FLYTTAR: Demensavdelinga i underetasjen på Såtabu skal no flyttast opp til Knarvik sjukeheim.

FLYTTAR: Demensavdelinga i underetasjen på Såtabu skal no flyttast opp til Knarvik sjukeheim.

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

– Vi legg ikkje ned Såtabu, men vil ha ein annan type aktivitet der.

DEL

Det seier Leni Dale, kommunalsjef ofr helse og omsorg i Lindås kommune.

– Lindås kommune har for tida ledige heildøgns omsorgsplassar, både i sjukeheim og omsorgsbustader med bemanning, seier ho.

– Kor mange plassar?

– Det varierer frå dag til dag, men statistikken viser at siste halvår har det vore minst 12-13 ledige sjukeheimsplassar og 5-9 omsorgsbustader.

LES OGSÅ: Musikk vekker gode minne

Demente må flytta

I byrjinga av mai vert difor dementavdelinga ved Såta bu- og servicesenter flytta til Knarvik sjukeheim.

– Avdelinga ved Såtabu har 12 plassar, men det er ikkje fullt, seier Dale.

Dementavdelinga som no vert etablert ved Knarvik sjukeheim vil ha ni plassar med same innhald i tenesta som det er på Såtabu.

– Ombygginga vert finansiert ved å legga ned tre sjukeheimsplassar. I tillegg vert det lagt ned nokre fleire plassar for å nyttiggjera beste bruk av ressursane våre, seier Dale.

Og legg til at det er for gale at det er mange ledige plassar spreidd rundt om, når ein kan gje gode tilbod ved å samla dei.

Brukarane frå dementavdelinga på Såtabu skal flytta samla til den nye avdelinga når den er klar.

LES OGSÅ: BegeistRingen til ein fargeklatt

– Grundig prosess

Dale legg ikkje skjul på at det ikkje er heilt uproblematisk å flytta denne gruppa pasientar.

– Det er fare for større uro når ein skal flytta på seg, og difor er det veldig viktig at dei har med seg kjent personell, seier ho.

Ho legg til at det har vore ein prosess i forhold til involvering av brukarrådet for sjukeheims-tenesta, informasjon og dialog med pårørande, i tillegg til drøftingar med tilsette og deira organisasjonar.

– Vi var veldig tidleg ute med informasjon til pårørande, og har ikkje fått nokon reaksjonar til oss, seier Dale.

Det lukkast ikkje Avisa Nordhordland å komma i kontakt med brukarrepresentanten før avisa gjekk i trykken i går.

LES OGSÅ: Tok sjefen på senga med BegeistRing

Fleire dagplassar

I august i fjor vart den psykogeriatriske avdelinga flytta får Såtabu og no står dei siste pasientane for tur i institusjonen som kommunen overtok i 1991. Såtabu skal i hovudsak brukast som dagsenter.

– Planen er å utvida den gruppa som alt har eit dagsentertilbod der, seier Dale.

Ho legg til at det og vil vera avlastingsbrukarar på Såtabu etter behov. Om sommaren kan ein tilby 2-3 vekers opphald for heimebuande.

– I utgangspunktet gjer vi ikkje noko med institusjonen, som kjapt kan vera heildøgnsinstitusjon. Det er endå tiårs-tid til vi får auke i talet eldre i kommunen. Så vi har tid for å rigga oss, seier Leni Dale.

Ho forsikrar at det at Såtabu no vert dagsenter ikkje får konsekvensar for dagsentertilbodet ved Knarvik sjukeheim eller i Alversund.

Artikkeltags