Gå til sidens hovedinnhold

No er kvalpen endeleg tilbake hos eigaren sin

Artikkelen er over 4 år gammel

Fredag skreiv avisa Nordhordland om ein tilsynelatande eigarlaus hund som dei siste dagane hadde gått i området ved Eknes-krysset/Bjørndal.

Veterinær Carl Aage Wangel tok hunden inn til seg medan dei blei leita etter eigaren.

Han opplyste at hunden ikkje hadde fått mat på ei stund. Den var tynn og vog rundt åtte-ti kilo. Sidan hunden hadde verken chip eller tatovering, var det ikkje så lett å identifisere den.

Men måndag ettermiddag kom gladmeldinga.

– Eigaren har kontakta med, så alt er i orden, opplyste Wangel i ei melding til politiet.

Les også

Her kastar Samir seg i isvatnet for å redde svana

 

Kommentarer til denne saken