Difor ryk det i dette området i helga

Artikkelen er over 2 år gammel

Brannvesenet gjennomfører øving i Lindås laurdag og søndag.

DEL

Laurdag morgon like før klokka 09.00 melde 110-sentralen i Hordaland om at brannvesenet gjennom dagen ville halde på med ei øving i Lindås.

Øvinga går føre seg i området Alversund/Klokkarstien mellom klokka 09.00 og klokka 17.00. Brannvesenet informerer om at det i dette tidsrommen kan bli synleg røyk i området.

Søndag føremiddag melde 110-sentralen i Hordaland igjen om at dei ville halde fram med øving i området i tidsrommet 11.30 til 16.00 søndag, og varsla då om at det også denne dagen kan komme røyk frå området.

Artikkeltags