Klokka 1538 torsdag ettermiddag melde 110-sentralen i Hordland om brann i ei fjellside på Eikefet i Lindås.
Like før klokka 1600 kom det melding om at det brenn i bratt og ulendt terreng, og at Knarvik brannvesen rykker ut.
– Det er veldig ulendt terreng der det brenn, seier vakthanvande befal i Lindås og Meland brannverm, Ole Johan Ingebrigtsen til avisa Nordhordland.
Han seier det er ein veldig ubestemmelig brann som aukar på for deretter å minka.
– Me veit ikkje kor stort område som brenn, legg han til.
Brannen er 100-150 meter oppe i fjellsida.
– Det er ikkje fare for at den skal spreia seg til hus i området, seier han.
Kystfartøyet «Njord» vart og kalla ut for å hjelpa brannvesenet, men vart sendt i retur. I staden sender dei brannmannskap til fots opp i fjellsida for å prøva å sløkka brannen.
Årsaka til brannen er førebels ukjend.
Lindås. Eikefet: Melding om gress-/bråtebrann i fjellside.
— 110 Hordaland (@110Hordaland) February 9, 2017
Kommentarer til denne saken