Skogbrann på Skodvin

Ein lesar har sendt avisa Nordhordland dette biletet av brannen på Skodvin.

Ein lesar har sendt avisa Nordhordland dette biletet av brannen på Skodvin. Foto:

Det er meldt om brann i terrenget ved Skodvin i Lindås kommune.

DEL

(BA/Avisa Nordhordland) OPPDATERT: Klokka 17.00 melder brannvesenet at dei har kontroll over brannen, men at dei held fram med etterslokking.

16.38 melder Vest politidistrikt på Twitter at det no ikkje er nokon hus som er truga av brannen og at trafikken på fylkesveg 57 glir forbi som normalt.

Politi og brannvesen rykte ut til Lindåsvegen i Lindås klokka 15.50, etter fleire meldingar om brann i terrenget ved Skodvin.

Det er to hus i nærleiken av brannen.

Nils Medaas i Nordhordland brannvern seier til avisa Nordhordland at det er vanskelege sløkkeforhold på staden.

– Det er vanskeleg for det er mellom veg og vatn, så det er vanskelege sløkkeforhold, stadfestar han.

Ein periode var eitt hus trua av brannen, men den har brannmannskapa fått kontroll på.

Bebuarane i huset skal ikkje vere heime.

Heile brannstyrken blei sendt ut til staden.

– Me har kontroll på personar og hus, seier Medaas.

Han seier det er ein stor brann på staden og at dei i skrivande stund ikkje har full kontroll på situasjonen. Medaas anslår at det er ein brann som dekker eit område på fleire hundre meter i lengderetninga.

Det er for det meste gras og småvegetasjon som brenn.

– Brannen beveger seg ned mot eit vatn og det ser ut til at vindretninga kan hjelpa oss litt, men det kan fort snu. Så me har ikkje full oversikt, seier han.

Vinden fører brannen i retning av eit vatn, men ein fryktar og at brannen skal spreia seg mot ein skog i nærleiken.

Eit vitne seier til avisa Nordhordland at det er to hus i brannområdet, men at det ser ikkje ut til at dei to er truga av brannen no.

Artikkeltags