TRAVELT: I åra framover vil aktiviteten på det som i dag heiter for Mongstadbase vera stor. Bedrifta som vert døypt om til CCB Mongstad i framtida, skal verta verdas største forsyningsbase. CCB overtok basedrifta frå onsdag 1/7, men det er fyrst frå slutten av november då gigantane Statfjord og Gullfaks vert flytta over at aktiviteten vil vera på det høgaste.
Yngve Garen Svardal

Nye tider på Mongstadbase

Slik det ser ut no, er alle dei 256 jobbane på Mongstadbase er sikra vidare arbeid. Onsdag rykka dei nye drivarane på det som skal verta verdas største forsyningsbase inn.
Av
Publisert

– Dagen i dag har vore ein heilt grei dag, når det er vorte som det er vorte, seier Ragnhild Langøy, dagleg leiar i Mongstadbase.

Den sjuande januar vart det kjent at Norsea group og CCB hadde snappa kontrakten om å levera terminaltenestene til Statoil rett framføre nasen på nettopp Mongstadbase. Det var ledd i ein prosess der Statoil tildelte kontraktar for nye leverandørar på til saman sju basar langs kysten. Den totale kontraktverdien er på rundt fem milliardar kroner over ti år. For Mongstad sin del er det snakk om rund ein og ein halv milliard kroner og det betyr at heile 23 av Statoil sine installasjonar skal forsynast frå Mongstad i framtida. Det er med på å gjera Mongstadbase til verdas største forsyningsbase.

Trur på vidare vekst

– Eg må innrømma at 7/1 var ein mykje meir ubehageleg dag enn 1/7, legg ho til.

Tidlegare i vinter var rundt 40 tilsette på Mongstadbase i permisjon og det var snakk om nedbemanningar. Forutan ti stykk som har tatt frivillig sluttpakke, ser det ut til at alle dei 256 tilsette får behalda jobbane sine framover.

– Me har fått CCB inn på eigarsida og arbeidsplassar er sikra Då er me nøgde, seier Langøy.

– Og i motsetnad til mange andre plassar ser me vekst. Det skal me ta til oss i desse tider, seier ho.

NYE FOLK: Michelle Williams vert CCB sin sjef på Mongstadbase, medan Stian Graaner er Statoil sin mann på staden. Ragnhild Langøy er framleis dagleg leiar i Mongsadbase, men har varsla at ho vil trekka seg tilabke i løpet av hausten.

NYE FOLK: Michelle Williams vert CCB sin sjef på Mongstadbase, medan Stian Graaner er Statoil sin mann på staden. Ragnhild Langøy er framleis dagleg leiar i Mongsadbase, men har varsla at ho vil trekka seg tilabke i løpet av hausten.

Men det er ingen tvil om at ein vil merka dei tøffe tidene på Mongstad og, seier Ronny Haufe i Nor Sea Group.

– Om ein ser på kontraktørane er det lite leiteaktivitet, og rigg etter rigg vert sett i opplag. Det påverkar og Mongstad, peikar han på.

– Henta ut det beste

Haufe seier at steinar må snuast om og ein må heile tida sjå korleis ein kan jobba meir effektivt. Ved at Nor Sea Group har fått seks av avtalane med Statoil, meiner han dei skal få det til.

– Me skal henta ut det beste frå kvar plass, og implementera det hjå resten, seier han.

Kurt R. Andreassen, administrerande direktør i CCB, ser og lyst på tida framover.

– Er det ein plass ein kan vera optimist og tru på at det vil vera stabilt over lang tid, så må det vera her på Mongstad, seier han.

– Det er vel ingen plassar i landet ein har så lange horisontar som her no, seier han.

Leiar for forsyninga til Statoil på Mongstad er Stian Thygesen Graaner. Aktiviteten til Statoil fører til at det vil komma rundt 1000 fleire skipsanløp til Mongstad, i tillegg til dei 2500 årlege anløpa. Det vil gå 130-150.000 tonn meir med utgåande tonnasje over kai, og like masse i retur. Så det er store dimensjonar.

– Det har vore eit heftig puslespel for å få alt til å gå i hop, seier Graaner.

Bygger kaiar

Han seier at det har vore ein krevjande prosess å bygga opp Mongstadbase, med masse som har vorte flytta frå Ågotnes til Mongstad. Mellom anna vart alt til Troll A flytta over i samband med ein revisjonsstans i Nordsjøen.

– Då var det mange lastebillass frå Ågotnes til Mongstad. Og me måtte til ei kvar tid ha kontroll på kvar materiellet var i tilfelle dei fekk behov for noko ute i Nordsjøen. Det har vore ein stor operasjon, men det har gått knirkefritt, seier han.

All flytting har pågått samstundes som det har vore vanleg drift på Mongstad.

Bildetekst
Bildetekst

Bildetekst Bildetekst

Til no er bemanninga til Statoil auka frå ein til fem stykk på Mongstad. Det talet vert truleg auka ein del i samband med aktivitetsauken.

– Det tydar på at me satsar på basen, seier han.

Og dei skal satsa meir.

– Me ser på moglegheitene for å utvida kaianlegget, seier han.

Fyrst og fremst vil dei ha på plass ein 108 meter lang LNG-kai til seinsommaren 2016, som skal ha eit uttak på 6000 tonn LNG i året. Dei ser og på moglegheitene for å få på plass ei Ro-Ro-kai, slik at dei får vekk ein del trailerar frå vegane.

– Kvar dag vil det koma rundt 30 trailerar med lass til Mongstadbase, peikar han på.

Ved å få meir trafikk over på sjøen mellom basane vil spara dei for kostnadar og få mindre bilar på vegane.

– Men det ligg litt fram i tid. Det er vurderingar me gjer knytt til å optimalisera logistikken vår innan bulk, seier han.

Framover vil det skje meir på Mongstadbase. Langøy kjem mellom anna til å gje seg som sjef, og namnet vert etterkvart endra.

– Det vert CCB Mongstad. Men kortid det kjem på plass er ikkje klart enno, sluttar Andreassen.

Artikkeltags