Mottaket møter positivitet i lokalsamfunnet, men søker fleire som vil bidra

Gudveig Kartveit Sundsbø (t.v.) og Ane Bysheim var godt nøgde med oppmøtet og positiviteten på informasjonsmøtet på asylmottaket i Lindås.

Gudveig Kartveit Sundsbø (t.v.) og Ane Bysheim var godt nøgde med oppmøtet og positiviteten på informasjonsmøtet på asylmottaket i Lindås. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

– Desse ungdommane har behov for omsorg. Dei har behov for å knyte relasjonar til menneske som vil dei godt, seier fungerande mottaksleiar Gudveig Kartveit Sundsbø.

DEL

Laurdag inviterte Lindås statlege mottak for einslege mindreårige til informasjonsmøte for frivillige på Vågseidet.

Mottaket tok i mot dei første ungdommane 8. april i år, og det bur no 33 ungdommar på mottaket – 31 gutar og to jenter. For å integrere desse best mogleg, er mottaket no på leit etter fleire frivillige som kan bidra på ulike måtar.

Treng fleire venefamiliar

Ti nordhordlendingar møtte laurdag opp for å få meir informasjon om kva ein kan gjere for å hjelpe, og for å melde interesse om kva dei gjerne vil bidra med. Dette er det andre møtet for frivillige mottaket arrangerer.

– Vi treng særleg venefamiliar som ønsker å knyte ein relasjon til enkeltungdommar. Men også folk som ønsker å vere leksehjelp, ta dei med på fisketurar, strikking og sying, køyring frå A til B, og så vidare, fortel Gudveig Kartveit Sundsbø, fungerande mottaksleiar og fagleg leiar.

Vil bidra

Arne og Ingrid Aven vil gjerne bidra, og ønsker å bli kjende med ungdommar ved mottaket.

Arne og Ingrid Aven vil gjerne bidra, og ønsker å bli kjende med ungdommar ved mottaket. Foto:

To av dei frammøtte var Ingrid og Arne Aven frå Lindås. Dei ønsker å bidra som venefamilie til ungdommar frå mottaket.

– Eg er pensjonert lærar, så eg kunne i tillegg tenkje meg å hjelpe dei med leksene og med norskopplæringa, fortel Ingrid Aven.

– Eg kunne også godt tenkte meg å bidra med å køyre dei rundt om kring dit dei skal, legg Arne Aven til.

Dei to synest det er viktig å bidra for å ta vare på ungdommane som har komme til Lindås, og som ikkje har eigne familiar med seg.

Stor behov for omsorg

– Dette gjekk veldig bra. Det er veldig kjekt å møte ein så positiv gjeng frå lokalbefolkninga som er villige til å gjere ein innsats, seier Sundsbø etter møtet.

– Desse ungdommane har behov for omsorg. Dei har behov for å knyte relasjonar til menneske som vil dei godt. Dei har også behov får å bli kjende med det norske samfunnet, og å auke eigen kompetanse på alt frå å reparere syklar til å lage ein god middag. Alt dette er sånt som veldig mange av oss i lokalbefolkning kan bidra med. Det skal så lite til, og ein får så mykje godt attende av å vere saman med ungdommane her. Dei strålar ut ei slik glede og livslyst, fortel Sundsbø.

Informasjonsmøtet vart leia av Sundsbø og Ane Bysheim. Sistnemnde har ei prosjektstilling støtta frå UDI som går ut på å får meir aktivitet til mottak, og er veldig fornøgd med oppmøtet. Det er no over 30 personar som har meldt seg som friviliige til mottaket.

– Det betyr enormt mykje. Det var mange fine idear og tankar om korleis folk ønsker å bidra.

LES OGSÅ: Spansklæraren Manuel flykta frå den politiske situasjonen i Chile, og fekk eit betre liv i Norge: – Grusomt å sitta i fengsel

Kan endre førestillingar

Ho utdjupar at det å ha frivillige tilknytt mottak er viktig for å endre førestillingar om kva eit asylmottak er, og også om kva eit lokalsamfunn er. Ho trekk også fram at det å ha ein venefamilie har stor verdi for ungdommane på mottaket.

Å vere venefamilie betyr i praksis at du har kontakt med ein av ungdommane, som du behandlar som ein ven av familien. Det vil seie å inviterte på middag, ta med på søndagstur og involvere i heilt normalt familieliv.

– Det å komme inn i hus som dei vanlegvis berre ser og går forbi, og får kunnskap om norsk familieliv, er viktig. Er ein venefamilie møtast ein gjerne 2–3 gonger i månaden og gjer heilt daglegdagse ting. Det kan vere å ete fiskegrateng på ein tysdag, eller å ta ein tur på Ikea. Ein treng ikkje å planleggje noko ekstraordinært, fortel Bysheim.

LES OGSÅ: Zia kom einsleg til Lindås. No har han stifta familie og er i full jobb

Ho legg til at det har stor verdi for ungdommane som bur på mottak å få kontakt med frivillige som ikkje er tilsette for å ha kontakt med dei. Det å sleppe å vere ein del av ein stor gjeng med asylsøkjarar, og ha kontakt med nokon der dei får lov å berre vere seg, er viktig.

– Det betyr mykje å ha nokon ein kjenner som berre tenkjer på deg, og som spør berre deg korleis du har det.

Mykje positivitet etter asylbrannen

Asylmottaket fekk ein trasig start. To dagar etter at det vart kjent at hotellet Lune Huler var godkjent som asylmottak, blei det tent på og brann til grunne. Trass det tragiske i dette, trur Bysheim at det også har fått fram noko positivt.

LES OGSÅ: Politiet vil henlegge sak mot asylbrannsikta polakk

– Mitt inntrykk er at det blei veldig viktig for folk i Nordhordland å ta avstand frå dette, og å vise at dette ikkje er noko som representerer oss. At det ikkje er slik vi er, meiner Bysheim.

Sundsbø fortel at også ho berre har opplevd positive tilbakemeldingar frå lokalbefolkninga, utanom hendinga med brannen.

– Det er alltid nokon som er negative, men då er det ofte frykta for det ukjende som gjer at ein er negativ. Dei som blir kjende med mottaket, og med ungdommane her, er veldig positive, seier Sundsbø oppfordrar til å ta kontakt med ho eller Bysheim ved Lindås mottak om ein ønsker å bidra og bli kjent med ungdommane.

Artikkeltags