110-sentralen i Hordaland mellder på twitter om røykutvikling i Juvikstølen i Knarvik. Det skal vera røyk i bygget til Knarvik vidaregåande skule.
Det er konstatert røyk i to etasjar, og to elevar vert tilsett av ambulansepersonell etter at dei har pusta inn røyk.
LES OGSÅ: Stal verktøy i Knarvik
Klokka 15.32 melder brannvesenet at brannen er sløkt. Det har vore påtent på eit toalett på adressen.
– Alt personell er blitt evakuert. Brannvesen foretar kontrollsøk, melder brannvesenet.
– Det har vore brann på jentetoalettet, seier vår journalist Yngve Garen Svardal som er på staden. Etter det avisa Nordhordland kjenner til er brannen truleg påtend.
Innsatsleiar Ståle Hauge i Lindås og Meland brannvern er nøgd med måten skulen har reagert på.
– Bygget vart raskt evakuert. Dette er ein plass vi har hatt mange falske alarmar, men denne gongen var det ekte, seier Hauge.

Elevar sløkte påsett brann på skule: – Flammane stod ut av jentedoen