Brannvesenet fekk gåve til 100.000 kroner

– Eg håper vi aldri får bruk for utstyret, men det gjer vi nok, og no er vi rusta til å handtera fleire hendingar, seier brannsjef i Lindås og Meland brann og redning, Karl Johannes Romarheim.

– Eg håper vi aldri får bruk for utstyret, men det gjer vi nok, og no er vi rusta til å handtera fleire hendingar, seier brannsjef i Lindås og Meland brann og redning, Karl Johannes Romarheim. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

- Håper vi aldri får bruk for det

DEL

I samband med 200-årsmarkeringa til Gjensidige gjev dei bort ei folkegåve på 350 mill kroner til styrking av norsk brannberedskap.

Lindås og Meland brann og redning har fekk tildelt fire utstyrspakker; to pakker med røykdykkar kledning og to grunnpakker med overflateutstyr.

Til saman er gåva verdt om lag 100.000 kroner.

LES OGSÅ: Brenn ned hus på Sagstad

Låg ikkje i budsjettet

– Kvar røykdykkarpakke inneheld tre komplette sett med røykdykkarkledning, og grunnpakka med overflateutstyr inneheld utstyr til redning på sjø, vatn og is, fortel Brannsjef i Lindås og Meland brann og redning, Karl Johannes Romarheim.

I tillegg følger det med kurs og opplæring i overflateredning.

– Vi er glade og takksame for gåva. Dette er utstyr som ikkje låg i budsjettet for i år, og som vi ikkje hadde hatt rå til å kjøpa sjølv, seier Romarheim til Avisa Nordhordland.

LES OGSÅ: Opplev kva som skjer i ein frontkollisjon

– Meir rusta

Brannsjefen fortel at den eine grunnpakka med overflateutstyr vert køyrt til Lindås, kor dei ikkje har denne tenesta per i dag.

– Dei vil få den som ekstrateneste, noko som vil bidra til ei raskare responstid. Det vert òg større sjanse for at vi kan gjera ein forskjell, seier brannsjefen.

Romarheim seier gåva heilt sikkert kjem innbyggarane til nytte.

– Eg håper vi aldri får bruk for utstyret, men det gjer vi nok, og no er vi rusta til å handtera fleire hendingar. Dette er eit kjempeløft for regionen, seier Romarheim.

LES OGSÅ: No har Radøy kjøpt sin fyrste nye brannbil sidan 1970-talet

Artikkeltags