Gå til sidens hovedinnhold

Leitar etter amerikaslekta si

Artikkelen er over 7 år gammel

RADØY: Over 800.000 nordmenn utvandra til USA. No leitar Berit Eikanger etter spor etter hennar slekt som utvandra.

– Eg har alltid vore interessert i slekta mi. Men no er generasjonane før meg døydd ut. Så då må eg gå andre vegar for å finna ut ting, seier Berit Eikanger.

Leitar i emigrantlister

På søndag hadde ho tatt turen til Vestnorsk utvandringssenter på Sletta for å finna ut meir om brørne til farfaren hennar som utvandra til USA for over hundre år sidan.

– Eg har alltid hatt interessa, og det er eit spennande tema, seier ho.

– I dag fann eg fleire detaljar om utvandringa, som kor tid dei utvandra og kven dei var gift med, seier ho.

LES OGSÅ Harald er bitt av basillen - slektsgransking tar heilt av

Sjølv har ho vore over til USA for å sjå plassane dei utvandra til.

På Vestnorsk utvandringssenter har dei mellom anna emigrantlister frå Hordaland og Sogn og Fjordane.

Til å hjelpa seg å leita hadde Eikanger Kenneth Bratland. Han jobbar mellom anna på Vestnorsk utvandringssenter.

– Eg kan hjelpa til med å søka i emigrantlistene, folketeljinga og kyrkjebøkene, seier Bratland.

Han seier at interessa for å leita etter slekta si er stor. Bratland peikar på at rundt 800.000 nordmenn utvandra mellom 1825 og 1930.

– Ganske spennande

– Med tanke på at det budde rundt to millionar nordmenn i Noreg i 1900, har det gjort eit stort innhogg i befolkninga, seier han.

– Eg finn tørre tal og fakta, men set du det inn i ein samanheng vert det ganske spennande, seier han.

LES OGSÅ: Mye moro med slektsgransking

Han peikar på at mange nordmenn for over dammen for å tena pengar, før dei kom tilbake etter nokre år.

– Då kom dei til Norge igjen for å gifta seg og få ungar, før dei reiste tilbake for å jobba i nokre år igjen.

– Litt som dagens polakkar altså?

– Ja, på mange måtar. Det er jo noko som heiter at historia gjentek seg sjølv, seier historikaren.

Søndag var fyrste opningsdag for sesongen på Sletta.

Og mellom det som skjedde var ei utstilling med barneteikningar med lokale tolkingar av etterlysingsplakatar.

Utstilling i cellene

– Vi inviterte alle barneskulane i Nordhordland og fekk inn rundt 200 teikningar, seier avdelingsleiar Åshild Sunde Feyling Thorsen (30) til avisa Nordhordland.

Naturleg nok er teikningane utstilte i cellene på det autentiske sheriffkontoret som er på senteret.

– Det er veldig interessant å sjå kva elevane kom opp med. Min generasjon hadde klare tankar om kva som var det ville vesten og korleis ein banditt såg ut. No er det interessant å sjå korleis dagens unge tolkar kven som er «the bad guy».

Klassiske bandittar

For det er alt frå skurkar i tv-spel og filmar til ting dei har lest i nyheitene, seier ho.

– Forsvinn litt av den gamle cowboy og indianarkulturen frå dagens unge?

– Nei, eg trur ikkje det. For vi får inn nokre av dei klassiske bandittane og. Men det er tydelegvis rom for andre tolkingar og, seier ho.

På programmet på søndagen var og ein liten konsert med Rune Vandaskog frå Young Dreams.

Seinare i år vil det koma ei fotoutstilling med ein amerikansk fotograf som dokumenterte livet i etterkrigs-Norge, samt ei forelesingsrekkje med Frank Aarebrot og vener. I tillegg til utvandringsfestivalen i byrjinga av juli.