Ferjesamband innstilt på grunn av dårleg vêr

DEL

(Firda): Fv. 57 ferjestrekninga Leirvåg- Sløvåg er søndag innstilt på grunn av dårlege vêrforhold.

Det melder vegtrafikksentralen på Twitter.

Ruta hadde trøbbel laurdag, men kom i gang att, men må no innstille rutene sine på ny.

På ferjeruta Rysjedalsvika- Rutledal- Krakhella blir ruta inn til Losna kansellert inntil vidare. Årsaka er det dårlege vêret, melder Fjord1 søndag klokka 10.05.



Artikkeltags