Ein stor lastebåt har gått på grunn på nordsida av Håøy, i retning Alverstraumen.

Ein sognebåt, to helikopter og fleire småbåtar assisterte havaristen like etter uhellet, men i følgje augevitner har dei fleste av desse no reist frå staden igjen.

Årsaka til havariet er førebels ikkje kjend.