Staten og bøndene er einige om jordbruksavtalen

EINIGE: Staten og bøndene er samde om dei økonomiske rammene.

EINIGE: Staten og bøndene er samde om dei økonomiske rammene. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

LANDBRUK: Partane har fordelt den økonomiske ramma Stortinget vedtok 16. juni.

DEL

– Eg er glad for at vi no får på plass ein jordbruksavtale som styrkar grunnlaget for matproduksjon i heile landet. Eg vil takke jordbruket for konstruktive forhandlingar, seier landbruks- og matminister, Jon Georg Dale (Frp), skriv Firda tysdag føremiddag.

Måndag kveld vart Staten einig med Norges Bondelag og Norsk Bonde- og småbrukarlag om ein ny jorbruksavtale, melde NRK.

Partane har fordelt ei ramme på 625 millionar kroner. I tillegg er det fordelt 130 millionar kroner frå kapitalen i Landbrukets utviklingsfond i 2018

Bondelaget og Småbrukarlaget braut i vår forhandlingane med staten om jordbruksavtalen, men ei semje Venstre og regjeringspartia på Stortinget innebar at oppgjeret blei sendt tilbake med enkelte nye.

Opphavleg kravde bøndene 1,45 milliardar kroner. Statens forhandlingsleiar, Leif Forsell, kalla kravet var «umusikalsk».

Artikkeltags