Nye Alver blir ein av dei største landbrukskommunane i Vestland: Her får listetoppane besøke fjøset til Ove og Randi

Dei vart servert kortreiste godsaker, fekk helsa på Dagros og dei fekk eit godt innblikk i kva landbruket betyr for Alver kommune, som frå nyttår blir den nest største landbrukskommunen i Hordaland og ein av dei aller største i Vestland.