Blokadane er ein protest mot landbruksoppgjeret, der det tysdag vart brot i forhandlingane mellom regjeringa og bøndene.
– Vi vil synleggjere at norsk mat ikkje er sjølvsagt, seier leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes.
Torsdag aksjonerte bønder langs vegar og i butikkar landet over. No vert de sentrale aksjonane trappa opp, og vil ramme dei tre største matvarekjedene. Det vil temmeleg raskt få konsekvensar for forbrukarane i form av færre matvarer i butikkhyllene.
– Vi ønsker ikkje å ramme forbrukarane, men vi må seie klart ifrå om konsekvensane av at regjeringa ikkje vil satse på eit jordbruk over heile landet. Det er ein politikk som kan ramme forbrukaren sine ønske om trygg kvalitetsmat, seier Bartnes.
I Bergen sette bøndene opp blokadar ved lagera til Asko i Arna, Coop på Liland og Rema på Hylkje.

Landbruksministeren: – Syltynt grunnlag for aksjonar frå bøndene
BA var i Arna i 0600-tida fredag. Då var aksjonen i full gang.
– Kvifor gjer de dette?
– Vi viser vår misnøye med statens tilbod i jordbruksforhandlingane. Det speglar ikkje av jordbruksmeldinga som vart vedtatt rett før forhandlingane. Vårt krav er basert på jordbruksmeldinga, seier nestleiar i Hordaland Bondelag, Kjetil Mehl.

Bøndene er misnøgde med årets lønsoppgjer: kidnappa Lindås-ordføraren
– Svelt ikkje i hel denne helgen heller
To traktorar sperrar innkøyrselen til Asko, noko som gjorde det umogleg for dei å køyre ut varer. 40–50 bønder var med på aksjonen i Arna.
– Asko er ikkje glad for det vi gjer, men dei har forståing for aksjonen vår. Dei har nok fått køyrt ut ein del varer tidlegare i dag. Det er som venta med tanke på at aksjonen er varsla. Vi har ein god tone, seier Mehle.
– Kva med forbrukarane. Dei vil jo ikkje få varer som normalt i butikkane?
– Eg trur dei har stor forståing for bøndene sin frustrasjon. Vi har stor støtte. Ingen kjem til å svelte i hel denne helga heller. Det er mykje mat i butikkane.
BA var også på Hylkje i morgontimane. Her var innkøyrselen sperra av med tre traktorar. I likskap med aksjonistane i Arna, lét bøndene lastebilar og køyretøy køyre inn til lageret, men ikkje ut.
Dale kritisk
Landbruksminister Jon Georg Dale (Frp), som sat på motsett side av bordet då forhandlingane braut saman, er likevel lite imponert. Han åtvarar om at det i hovudsak vil gå utover forbrukarane.
– Eg registrerer at bønder som har takka nei til høgare inntektsvekst enn andre grupper, no set i verk aksjonar som kan ramme vanlege folks tilgang til mat, seier Dale til NTB.
Han meiner bøndene med dette rammar dei same innbyggarane som dei vil sende skatterekninga for inntektskrava sine til.
– Butikkarbeidarar, hjelpepleiarar og røyrleggarar som har vist moderasjon i sine lønnskrav, kan umogleg oppleve det som rimeleg at bønder som er lovd ein høgare inntektsvekst enn dei sjølv, no gjer kvardagen vanskelegare for dei, seier landbruksministeren.
Aksjonen vart avslutta klokka 0900.

Benedikte (33) og Morten (35) og satsar alt på bondelivet – i robotfjøs
Kommentarer til denne saken