Reven har tatt seks lam. No får bonden løyve til å felle den mens den ligg i hi

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Ein bonden i Austrheim har fått løyve frå Landbrukskontoret for Austrheim til å gjennomføre hijakt på raudrev i fredingstida. Fredningstida for raudreven er frå 15 april til 15 juli. I denne perioden er det ynglingstid for reven, og ein stor del av dei ligg då i hi med kvalpar. I denne tida er det vanlegvis ikkje lov å felle dei. 

Bonden frå Austrheim har likevel no fått løyve til å ta ut eit revehi, med totalt to vaksne revar, i sitt beiteområde. I tillegg skal han avlive kvalpar, dersom mor blir skoten. Løyvet er gyldig til 19. juli i år.

Mista seks lam

Bakgrunnen for dette er at reven har tatt seks lam frå sauane hans, som beitar på Langøy. I vedtaket vert det mellom anna peikt på at raudreven har ein god bestand på landsbasis og er talrik i Austrheim, og at Bonden har gjort tilstrekkelege tiltak for å prøve å redusere skadane på saueflokken. Det vert vidare mellom anna peikt på at tap av seks lam er ein stor kostnad for bonden.

Skade og krav

Skadefellinga vert løyvd på grunnlag av forskrift om felling av viltartar som gjer skade eller som vesentleg reduserer andre viltartars reproduksjon. Kommunen kan altså tillate hijakt på rev som gjer skade på beitande bufe.

Det er krav om:

1. «Avliving av skadegjørende viltarter skal skje sikkerhetsmessig og humant forsvarlig.»

2. «Før felling plikter eier, bruker eller rettighetshaver i rimelig utstrekning å forsøke andre tiltak.»

Artikkeltags