Berre fem månadar etterat han nådde toppen av MountEverest, realiserer Arvid Lahti planane ha la i lag med nokre av dei andre i ekspedisjonen.

Denne gongen er det verdas vakraste fjell; Ama Dablam han skal gje seg i kast med - i lag med kvinna frå Canada ein lege frå Mongolia som var på Everest, pluss ein nederlendar som har gjennomført dei såkalla seven summits.

– Ein flott gjeng som eg gler meg til å møta igjen, seier Arvid.

- Guiden vår Nima skal vera i Base Camp og vi skal ha med oss dei same sherpaene som sist. Eg har aldri vore på ein ekspedisjon som har vore så godt leia, som med dei, seier Arvid som kjenner seg trygg på at det sikkerheitsmessige er godt ivaretatt. Likevel er det ein heilt annan ekspedisjon han no legg ut på.

- Ama Dablam er vel 6800 meter høgt og verkar som eit overkommeleg fjell. Det flottaste fjellet i Nepal, og like prestisjefylt for nepalesarane som Everest, seier Arvid.

Teknisk klatring

Denne ekspedisjonen byr på meir teknisk klarting, men det er spent opp faste tau heilt frå Base Camp og til toppen.

­ Isen og snøen i siste del av løypa går greit, det blir meir utfordrande med klatringa i første delen der det er fjell, seier Arvid til nh. Han har sett ruta oppover og veit at det frå toppen er fantastisk utsikt til andre fjell i Himalaya

Både Lahti og denne skribenten er blant dei mange som har beundra det vakre fjellet på vandring inn Khumbu-dalen mot Everest Base Camp.

Spesiell stemning

19 mai stod Arvid Lahti på toppen av Everest. I dag reiser han tilbake til Nepal og Himalaya der han reknar med å vera ein månad denne gongen.

Korleis har du førebudd deg til denne turen?

- Eg har prøvd å halda formen ganske godt vedlike ved å gå fjellturar. No i det siste har eg vore på lengre turar kvar helg, seier Arvid. Han gler seg til å koma inn i den gode stemninga med resten av ekspedisjonen. Og berre turen inn til Ama Dablam Bace Camp er eit eventyr og fantastisk god klimatisering for kvar høgdemeter ein legg bak seg.

Følg han på nh sine nettsider

Arvid sin ekspedisjon til Mount Everest kunne ein følgja på nettsida til den faste reiseleiaren hans, Marit Andreassen i Høyfjellspesialisten. Denne gongen er ho på anna oppdrag samtidig med Arvid sin ekspedisjon. Du kan difor følgja Arvid på turen via Nh sine nettsider. Med jamne mellomrom vil han gje oss oppdatert rapport om korleis den spennande ekspedisjonen går.

Den sindige masfjordingen snakkar ikkje om nye mål. Først vil han gjennomføra det målet han no har sett seg. Men det undrar oss ikkje mykje om han skulle ha planar om å få med seg alle dei høgste toppane i dei sju verdsdelane (seven summits). Han er alt komen meir enn halvvegs i den sankinga.