Fire vil bli ny prost i Nordhordland

Avtroppande prost i Nordhordland, Geir Sørebø.

Avtroppande prost i Nordhordland, Geir Sørebø. Foto:

Det er fire søkjarar til den ledige stillinga som Geir Sørebø sin arvtakar som prost i Nordhordland.

DEL

Mellom søkjarane er soknepresten i Gulen, Jens Linde (55).

Den profilerte miljøpresten, Tom Sverre Tomren (51) frå Meland er også på søkjarlista. Han er sokneprest i Bruvik, Gjerstad og Haus på Osterøy.

Kjersti Brakestad Boge (44) er den einaste kvinnelege søkjaren til prostestillinga. Ho er sokneprest på Voss.

Den fjerde søkjaren er Helge Taranrød, som tidlegare har hatt ei sentral stilling ved bispedømmekontoret, og i dag er seniorkonsulent ved Leder- og teamutvikling i Bergen.

Bispedømmerådet i Bjørgvin skal tilsetja ny prost 7. februar.

Geir Sørebø sluttar for oppnådd aldersgrense, og skal halda si siste gudsteneste i Knarvik kyrkje 27. mai.

Artikkeltags