Gå til sidens hovedinnhold

Kvinneleg "veteran" talar ved bautaen

Artikkelen er over 14 år gammel

Dagny Hysing-Dahl skal halda talen under seremonien og kransnedlegginga ved bautaen på Kvalheim 17. mai om morgonen.

Dagny Hysing-Dahl er ei svært samfunnsengasjert kvinne, også med fortid som politikar. Ho har også skrive boka ”Tanker som går videre”, som kom ut i 2004.

– Det er grunn til å oppleva og lytta til denne sprudlande dama som har mange tankar å bera fram, seier Unni Helle Nordberg.

Dagny Hysing-Dahl var gift med stortingsmannen Per Hysing-Dahl, som var flygar under krigen. Han var mellom dei som hadde flydropp i Matrefjella.

Austsida av bautaen på Kvalheim har nettopp flydropp over Masfjorden som tema, medan det på vestsida er Englandsfarten og flyktningetrafikken som pregar steinen.

Flaggvakter

Flaggvakter ved bautaen under seremonien er John Pettersen, kjend frå 99.bataljon, og Robert Mangerøy som reiste i konvoitrafikk og som også var med under sjølve D-dagen.

Tradisjonen tru skal barn og oldebarn av krigsveteranar assistera ved kransnedlegginga.

– Den unge garde symboliserer overleveringa av historia og haldningar frå krigsgenerasjonen. Dette er ein viktig del av tradisjonen, seier Unni Helle Nordberg.

Musikantar frå Hordabø skulemusikklag spelar under seremonien.

Smia open

Smia, som er første bygget i Kulturtunet på Kvalheim, vil vera open, og det blir også enkel servering.

I følgje Unni Helle Nordberg møter det gjerne eit 70-tals personar på dette arrangementet. – Det er veldig bra med tanke på seremonien startar såpass tidleg som klokka ni, seier ho.