– Overveldande oppmøte

UTSTILLING: Wenche Bettum, Elin Alver, Laila Gangstad, Mette Marei Træland, Astrid Sigfrid Skumsnes, Kristin Wenneberg og Ann Blomberg (Natalie Reyes-Lingjerde er ikkje til stades) har utstillinga «Dyr» i Galleri Alversund.

UTSTILLING: Wenche Bettum, Elin Alver, Laila Gangstad, Mette Marei Træland, Astrid Sigfrid Skumsnes, Kristin Wenneberg og Ann Blomberg (Natalie Reyes-Lingjerde er ikkje til stades) har utstillinga «Dyr» i Galleri Alversund.

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Mette Marei Træland inviterte kunstnarkollegaene i Nordhordland Kunstlag til å laga ei felles utstilling i hennar galleri. Det var fullt hus på opninga søndag ettermiddag.

DEL

– Det er kjekt at så mange i Nordhordland Kunstlag ville vera med på denne utstillinga, som har tema «dyr», seier Mette Marei Træland.

I mai hadde Træland utstillinga «Hunden på skjeret» i Galleri Alversund, som ligg i kjellaren i huset hennar.

– Denne utstillinga er ei utviding av den førre utstillinga. Ved å ha «dyr» som tema, kan ein inkludera så mykje forskjellig – her er alle dyr velkommen, både store og små, smiler Træland, som er opptatt av det store mangfaldet i naturen.

– Ikkje minst er eg opptatt av korleis vi menneske behandlar jorda.

Stort oppmøte

Træland stiller saman med åtte kunstnarkollega ut utstillinga, og på opninga søndag ettermiddag var det mange som tok turen innom det sjarmerande galleriet.

– Det er overveldande at det kom så mange i det flotte vêret. Vi har fått god respons frå dei som har komme hit, og det er utruleg flott.

Træland meiner det er viktig for medlemmane i Nordhordland kunstlag å ha ein felles møteplass, og det var også noko av grunnen til at ho valde å opna sitt eiget galleri for ei felles utstilling.

– Det er kjekt å kunne møtast og prata saman, og det får vi anledning til no, seier ho.

LES OGSÅ: – Eit spennande prosjekt

Ull frå Færøyane

Roar Ektvedt er dyrlege, og fant difor utstillinga spesiell interessant.

– Eg har jo ei spesiell grunn til å lika denne utstillinga på grunn av yrket mitt. Eg synest kunsten dei stiller ut her er veldig fin, seier Ektvedt.

Roar og kona Inger Johanne Ektvedt falt pladask for kunstverket «Hull i gjerdet», laga av Elin Alver.

Alver fekk inspirasjon til ull-kunsten då ho var på Færøyane, og ullen på kunstverket samla ho inn frå villsau nettopp der.

– Eg har sjøl jobba med slike sauer, så vi måtte berre kjøpa det, seier Roar, som fortel at kunstverket skal hengast opp i stua, ved sida av eit anna ull-kunstverk.

– Dei passer fint saman, seier han.

Artikkeltags