Desse fire nye banda klare for Utkantfestivalen 2018

Bergensbandet Kakkmaddafakka har vore ønska til Utkantfestivalen lenge. I år fekk festivalsjef Viggo Randal endeleg napp. Her frå ein konsert i Madrid i fjor.

Bergensbandet Kakkmaddafakka har vore ønska til Utkantfestivalen lenge. I år fekk festivalsjef Viggo Randal endeleg napp. Her frå ein konsert i Madrid i fjor. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Hjerteslag, Kakkmaddafakka, Thea and The Wild og Dårlig Vane er klare.

DEL

Utkantfestivalen i Skjerjehamn i Gulen er godt i gang med bookinga til årets festival.

Fredag melder festivalleiinga i ei pressemelding at fire nye band er klare. Desse er: Hjerteslag, Kakkmaddafakka, Thea and The Wild og Dårlig Vane.

– Dette er jo langt på veg eit bergensslepp, seier festivalsjef Viggo Randal til Avisa Nordhordland. og siktar til at dei tre banda Kakkmaddafakka, Hjerteslag og Dårlig vane alle kjem frå Bergen.

Endeleg klaff med Kakkmaddafakka

Spesielt førstnemnde er eit band Randal har ønska på scena i Skjerjehamn.

– Kakkmaddafakka har vi hatt jysla lyst på lenge. Det er ikkje fordi dei har blitt så svære og vanskelege at vi ikkje har lykkast før, men det har aldri klaffa. Noko har alltid komme i vegen. Difor er det ekstra kjekt å ha dei på plass no til årets festival, seier Randal.

Hjerteslag er også godt kjent for festivalgjengarar og musikkinteresserte.

– Det er eit band som har fått veldig bra med følgarar siste året. Mange spør etter dei, så kjekt å ha dei også på plass, seier Randal.

Fleire bookingar i vente

Utkant blir arrangert på Skjerjehamn over tre dagar, 26.-28. juli.

Så langt er Timbuktu, Kakkmaddafakka, Hjerteslag, Thea and The Wild og Halie sett opp på festivalens opningsdag.

Sløtface, Dårlig Vane og Ogras spelar fredag mens Lars Vaular, Erlend Ropstad og Amanda Delara går på scena laurdag 28. juli.

Enno gjenstår ein god del bookingar før programmet er komplett.

– Det kjem fleire band framover, vi har ein god del namn som skal ut. Det er vel snakk om sju-åtte namn til, seier Randal.

– Greit billettsal

– Så du har nokre store kanoner som gjenstår?

– Hehe, vi har vel nokon som vi allereie er forngød med å ha på plass, og så kjem det sikkert nokon til som vil løfte programmet ytterlegare, seier Randal.

Festivalsjefen har ikkje eksakte tal på billettsalet så langt, men melder at salet er i rute.

– Vi ligg hakket foran fjoråret, men det er marginale forskjellar. Vi har eit greit sal så langt, seier Randal.

Artikkeltags