Set opp ekstraframsyning av Torbjørn Egner sin klassikar

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Torbjørn Egners folkekjære historie om Folk og røvarar i Kardemommeby blir årets største «happening» her på Nordhordland folkehøgskule. I musikalen kan publikum vente å sjå alle 180 elevar bidra aktivt til å legge til rette eit show med flott scenografi.

Skulen sett av hele to veker berre til å førebu musikalen. Elevane er delte opp i grupper med dei ulike arbeidsoppgåver knytt til musikalen, som skodespelarar, akrobatar, dansarar, kor, band, lyd og lys mm. 

Skulen vår består av elevar frå hele landet, og er Norges største folkehøgskule. Kvart år arrangerer vi ein diger musikal, som pleier å bli godt tatt i mot. Skulen har mange ulike linjer, inkludert ei eiga musikallinje. Trass i at vi har ei eiga linje spesialisert akkurat på dette området, bidrar heile skulen som eit fellesskap til denne musikalen.

Tre av seks førestillingar er allereie fullsett med barnehagar og skular frå Hordaland, som utgjer ein total på over 1000 tilskodarar.

I år har vi sett opp ei ekstra førestilling torsdag 18. januar, slik at endå fleire vil få anledning til å få med seg showet. Det blir også ei førestilling Sagstad barneskule 09.30 fredag, og for Åsane folkehøgskule 12.30 same dag. Dei to siste førestillingane vert laurdag 20. januar klokka 14.00 og 18.00.

Artikkeltags