Knallår for superpopulære Lothepus

Leif Einar Lothe har karisma på scenen.

Leif Einar Lothe har karisma på scenen. Foto:

Leif Einar «Lothepus» Lothe har vore gloheit etter at han stakk av med «Farmen kjendis»-sigeren i 2017. Det gav også pengar i kassa.

DEL

(BA): Etter «Farmen»-opphaldet har det blant anna blitt gjeve ut bok om Lothe, i tillegg til at han sjølv har halde konsertar og opptredenar av diverse slag.

Cowboyen frå Odda hadde ei inntekt på 6,7 millionar kroner, trass i at musikkopplevingane han tilbyr kanskje ikkje er for alle.

«Farmen»-vinnaren har ei formue på 6,4 millionar.

I år har Lothepus komme med endå ei bok med tittelen «Lothestrikk».

Denne skulle han eigentleg promotere i forbindelse på Knarvik senter tidlegare i haust i forbindelse med opninga av Ullveka. Men Lothepus, som hadde blitt operert på Haukeland fredagen i forvegen, måtte avlyse på grunn av helsa.

Lothepus er svært populær i Nordhordland, og mange vil nok bli glade om karakteren frå Odda vender tilbake.

Artikkeltags