NRK slår saman tre distriktskontor til èin region

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

Hordaland, Sogn og Fjordane og Rogaland blir éin region. NRK skal no tilsette fem nye regionsredaktørar for å «slanke» leiargruppa.

DEL

Distriktsredaktør for NRK Sogn og Fjordane, Kai Aage Pedersen, stadfestar overfor Firda at NRKs 13 distriktskontor no skal bli organisert i fem regionar:

Region Nord-Norge (Nordland, Troms og Finnmark)

Region Midt-Norge (beståande av Trøndelags-fylka, Møre og Romsdal og Hedmark og Oppland)

Region Vest (Hordaland, Sogn og Fjordane og Rogaland)

Region Øst (Agder-fylka, samt Telemark og Vestfold)

Region Sør (Oslo, Akershus, Buskerud og Østfold)

Ingen «synlege» endringar

– Det er ei strategisk endring. Verken nettsidene eller sendingane vil bli endra som følge av dette, seier Pedersen. Han seier også at det ikkje vil bli kutt i stillingar som følge av omorganiseringa.

Distriktsdirektør i NRK, Grethe Gynnild-Johnsen sa før helga til Journalisten, som først omtala saka, at endringa i strukturen skuldast at dagens leiargruppe på 20 personar er for stor. Her sit no Pedersen og alle dei totalt 13 distriktsredaktørane. I den nye modellen skal gruppa slankast. Dei fem nye regionsredaktørane skal ta over for distriksredaktørane i leiargruppa. Regionsredaktørane blir slik mellomleiarar mellom distriktsdirektøren og dei no 13 distriksredaktørane.

– Fram til no har eg rapportert direkte til direktøren. No skal er rapportere via regionredaktøren, seier Pedersen om kva endringa har å seie for hans del.

Han har tru på at omorganiseringa vil gjere til at NRK vil kunne gjennomføre endringar i tilbodet sitt raskare og meir i takt med publikums stadig endrande medievaner.

Gynnild-Johnsen seier til Journalisten at endringa for dei tilsette på dei enkelte distriktskontora kan bety at distriktsredaktøren vil vere meir til stades i det daglege, og mindre på møte.

– Vi ønsker å styrke innhaldsproduksjonen over heile landet. Ambisjonen er at vi totalt ikkje skal bli fleire leiarar, understrekar ho til Journalisten.

– Treng først og fremst fleire journalistar

Til Journalisten seier leiar for NRKs journalistlag NRKJ, Sidsel Avlund, at dei tilsette ikkje har deltatt i prosessen rundt omorganiseringa. Dette synest ho er overraskande, og seier dei har mange spørsmål rundt endringa.

– Vi er opptatt av at NRK først og fremst treng fleire journalistar til å lage innhald, og ikkje fleire leiarar. Det er vanskeleg å tru på at dette blir resultatet slik omorganiseringa er foreslått, men eg ser at distriktsdirektøren seier at det er eit mål, så det står att at NRK viser korleis dei har tenkt å oppnå dette.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken