Fleire hundre i Bjørn West-marsjen søndag

Fleire hundre turgåarar legg søndag i veg på den tradisjonsrike Bjørn West-marsjen, som i år blir arrangert for 37.gong. Marsjen går i flott fjellterreng mellom 400 og 750 moh. Marsjen er til minne om motstandsgruppa Bjørn West, som heldt til i Masfjordfjella siste del av 2. verdskrigen.

DEL

Mange har gjort det til ein årleg tradisjon å gå denne marsjen, og det er ikkje uvanleg at folk kjem langvegsfrå for å få med seg denne opplevinga. Langs ruta vil turfolket vera tett på stader der det var krigshandlingar under 2. verdskrig.

Den opprinnelege turen er 15 km lang, med start på Litlematrestølen. Dei seinare åra er det lagt inn ei kortare – meir familievenleg løype på ca 6 km, også den går i «Bjørn West-området». Begge løypene endar opp ved Stordalen fjellstove, der turfolket kan sikra seg både tørt og vått etter marsjen.

Minneseremoni

Om ettermiddagen – etter at dei aller fleste har kome i mål, blir det tradisjonen tru kulturprogram ved fjellstova. Det blir konsert med Brekke mannskor, Else Iren Westervik og Boris Kuprijanov, friluftsgudsteneste ved prost Helge Taranrød, og minneseremoni og kransnedlegging ved bautaen. I år det oberst Håkon Warø som heldt talen.

Bjørn West-marsjen er eit samarbeidsprosjekt mellom foreininga Bjørn West, Bergenhus heimeverndistrikt 09 og Masfjorden kommune, samt Bjørn West-museets venner, Ytre Sogn turlag, Nordhordland turlag, Bjørn West IL, Risnes IL, Fjon UIL og Nordhordland Røde Kors.

Begge turane blir premiert likt med diplom og T-skjorte.Arrangørane oppmodar deltakarane om å kle seg fornuftig - spesielt er godt fottøy viktig.Dersom det vert regn, kan det vera glatt å gå i dei brattaste partia. Røde Kors stiller med sanitetspersonell langs rutene.

Latin-amerikansk på Sommarscena

Folk kan «varma opp» med latinamerikansk stemning på Sandnes-kafeen laurdag kveld, til tonar frå artisten reSouza, som er ein norsk-brasiliansk singer/songwriter. Med inspirasjon frå folk og bossanova syng reSouza om korleis det er å bli drege mellom to kulturar, og om ting som engasjerer ho. Debutsingelen hennar haustar gode omtalar i inn- og utland ph har mellom anna vore nytta i «Unge lovende» på NRK.

På denne konserten har ho med seg fire dyktige musikarar, melom anna utflytta masfjording May Frida Bosch, som spelar trommer.Både Bjørn West-marsjen og denne konserten er ein del av eit flott program i Sommarscena i Masfjorden – som omfattar ei rekkje kultur-, frilufts- og og idrettsarrangement denne sommaren.

Alt 24. august er det klart for Bjørn West Triathlon, og 5. september kan folk oppleva konsertprogrammet «Ro, ro til Siraland». Masfjordsprinten og konsert med Mjanger musikklag står på programmet 7. september. Seinare i september kan Sommarscena freista med teaterframsyninga «Morgon og kveld» i nothuset, filmkveld, forteljingar i skulestova, og konsert med Brekke mannskor.

Artikkeltags