Til topps i fem av fem kåringar

Eikanger Bjørsvik har vunne alt i år.

Eikanger Bjørsvik har vunne alt i år. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

«Sensasjonelt», «trollbindande», «intens lidenskap» og «verdsklasse» er somme av lovorda Eikanger-Bjørsvik musikklag får i kåringa.

DEL

Det britiske tidsskriftet 4barsrest har kåra Eikanger-Bjørsvik musikklag til vinnar i alle dei fem kategoriane der EBML var nominert. Dermed er EBML det første musikklaget utanfor dei britiske øyane som får den gjeve tittelen «Band of Year».

I tillegg til at heile korpset fekk denne utmerkinga, vart Ingar Bergby kåra til både årets dirigent og årets nykommar, David Morton vart årets musikar, og framføringa EBML gjorde under EM vart årets konsertframøring.

Trollbind og lamslår

Tidsskriftet er ikkje tilbakehaldne med skrytet av dei musikalske prestasjonane til EBML.

Musikklaget som heilskap vert omtala som ein klar vinnar som når dei store høgdene med musikken sin.

– Superlativa har allereie blitt sagt om spelinga deira, og alle er heilt presise, skriv 4barsrest.

Ingar Bergby vert omtala som ein dirigent med intens lidenskap, med innsiktsfulle fortolkingar av musikken som skil seg ut på ein slik måte at det inspirerer musikarane og lamslår publikum.

– Han får fram skjulte lag med tekstur, detaljar og balanse i den komplekse musikken som er trollbindande, skriv tidsskriftet.

Med sitt comeback etter 19 år får han også prisen for årets nykommar, takka vere at han ifølge tidsskriftet har stått for nokre av dei mest minneverdige opplevingane i heile dette året.

Ikkje ein feil heile sesongen

Også David Morton vert rosa opp i skyene av eit entusiastisk dommarpanel for sine prestasjonar som førstekornett.

– Han leia dei suverene nordmennene med ei fantastisk sjølvtillit, kunst og tryggleik. Han sette ikkje ein fot heil heile sesongen. Han er ein spelar som har komme veldig langt og som har blomstra til ein musikar i verdsklasse gjennom hardt arbeid og mykje støtte frå musikklags-familien og vener i Norge.

Ei sensasjonell oppleving

Det store høgdepunktet tidsskriftet stadig vender tilbake til, er EBML sin prestasjon under EM i brass tidlegare i år, der EBML mellom anna framførte «Fraternity».

– Denne framføringa var spesiell, verkeleg veldig spesiell. Dei som var heldige nok til å ha fått høyre det vil kunne stadfeste dette: Det var sensasjonelt.

Artikkeltags