Dorthe får heilt spesiell rolle under EM

MAGISK OPPLEGG: Manger skulemusikklag har eit heilt spesielt nummer i konkurranseprogrammet sitt. Dorthe Villanger Helland, som spelar trombone i korpset. Ei mindre gruppe musikantar – pluss slagverkarane er i aksjon på sine instrument, med koring frå resten av korpsmedlemane.

MAGISK OPPLEGG: Manger skulemusikklag har eit heilt spesielt nummer i konkurranseprogrammet sitt. Dorthe Villanger Helland, som spelar trombone i korpset. Ei mindre gruppe musikantar – pluss slagverkarane er i aksjon på sine instrument, med koring frå resten av korpsmedlemane. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Det var ikkje nei i hennar munn då dirigenten spurde Dorthe om ho kunne tenkja seg å synga solo under EM for skulekorps i Belgia. Manger skulemusikklag har eit heilt spesielt innslag i sitt konkurranseprogram.

DEL

Dorthe Villanger Helland er med i sitt tredje europameisterskap med skulekorpset frå Manger. I 2014 gjekk korpset til topps for andre gong, og året etter kom korpset på ein fin 3.plass.

– Eg var ikkje i tvil om at eg hadde lyst til å synga når sjansen var der. Eg er ikkje nervøs enno, men det kjem vel etter kvart, seier 17-åringen, som spelar trombone i korpset, men som også har gledd mange med si vakre røyst i mange samanhengar.

– Gler meg veldig

– Det har vore ei veldig hektisk tid med mykje øving, fortel Dorthe, som går i 1. klasse på vidaregåande.

– EM er høgdepunktet i årets sesong, og det er kjempekjekt å reisa på tur med resten korpset. Det sveisar oss endå betre saman. Eg gler meg veldig, seier ho.

Manger skulemusikklag gjorde si siste gjennomkjøring med innlagt huskonsert i Utstillingshallen på ungdomsskulen torsdag. Måndag deltok korpset på før-EM-konsert med Tertnes skoles musikkorps og Eikanger Bjørsvik Musikklag i Håkonshallen.

Koring av korpset

I den historiske bygningen leverte skulekorpset frå Manger ei magisk framføring av det sanginspirerte innslaget med Dorthe Villanger Helland som solist. Ei mindre gruppe musikantar, pluss slagverkarane, utgjer det instrumentale lydbiletet, medan Dorthe er i aksjon som vokal solist med koring frå resten av korpset. Det er korpset sin mangeårige instruktør, Espen Haukås, som har arrangert denne tyske korsongen for korps.

Det er ikkje noko lett program Manger skulemusikklag under sin dirigent Thorgeir Thunestvedt, har på konkurranseprogrammet sitt i Oostende. Eilin Fanebust Lilletveit har ei ekstra krevjande utfordring. Ho er nemleg solist på flygelhorn på eitt av stykka, på «Red Shoe Dance».

– Det har krevd mykje øving, føler at eg har kontroll no, fortel 18 ½ år gamle Eilin, som dermed er inne i siste sesong med skulekor.

– Det hadde sjølvsagt vore utruleg moro å avslutta korpstida med EM-siger. Det var ei fantastisk oppleving i 2014 – eit minne for resten av livet. Men nivået er blitt stadig høgare, så vi er forsiktige med å skru forventningane for høgt, seier ho.

Svært motiverte

Manger skulemusikklag er eit relativt ungt korps, med ein del nykomarar i rekkjene framfor denne sesongen. Korpset har ei stor besetning med 45 musikantar.

– Borna gler seg veldig. Alle er spente og svært motiverte, seier leiar i Manger, Laila Vabø Hermansen.

I det 20 minuttar lange konkurranseprogrammet i EM inngår eit pliktnummer, «Little Suite nr 2». Manger opnar sitt program med eit joikinspirert stykke, og har også filmmusikk frå «The Incredibles» på programmet .

Manger skulemusikklag, som kom på 2.plass i NM, får vera med i EM fordi norgesmeister Tertnes også er tittelforsvarar i EM. Det er eit samla reisefølgje på rundt 90 som fredag sette kursen mot Belgia.

Artikkeltags