Han er ny sjef for Kystsogevekene

Brenn for kystkultur: Den nye daglege leiaren for Kystsogevekene, Kjell Magnus Økland, har blant anna drive seglopplæring og arrangert regattaer.foto: pressefoto

Brenn for kystkultur: Den nye daglege leiaren for Kystsogevekene, Kjell Magnus Økland, har blant anna drive seglopplæring og arrangert regattaer.foto: pressefoto

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Kjell Magnus Økland er tilsett som ny dagleg leiar i Kystsogevekene.

DEL

Kjell Magnus Økland kom i oktober ut med den store boka om Norges Nasjonalbåt: Oselvar – den levande båten. Det var også han som skreiv nominasjonsframlegget som fekk bygging og bruk av Oselvaren inn på UNESCO si kulturarvsliste i desember.

Kjell Magnus Økland er oppvaksen i ein sjømannsheim på Tysnes og har brei røynsle frå kulturarbeid. Han har vore særleg aktiv i seglsporten og har mellom anna sete i styre og stell kring Oselvaren sidan 1990 i organisasjonar som Båtlaget Njord/Tysnes, Oselvarklubben, BSI/Seiling, Hordaland Seilkrets, Ran Seilforening, Shetland Race og Forbundet Kysten.

Journalist og lærar

Økland har tidlegare arbeidd som journalist og lærar og har drive seglopplæring, arrangert regattaer for både joller, eintypebåtar, havkappsegling og kapproing.

Vidare er han ein aktiv regattaseglar, skribent, fotograf og foredragshaldar der han gjerne formidlar maritime tema. Med hans bakgrunn og nettverk er han rette mann for Kystsogevekene.

Har allereie byrja

Kystsogevekene finn stad kvart år i august og september og er eit samarbeid mellom 22 kommunar i Hordaland og Gulen kommune og Hordaland Fylkeskommune.

Kystsogevekene er sett saman av dagar der folk møtest og delar gode opplevingar: båtturar, aktivitetar, konsertar, føredrag, kulturvandringar, marknader og utstillingar.

Bak dei ulike arrangementa står ei stor gruppe lokale eldsjeler som er stolte av eigenart og tradisjonar.

Økland byrja i stillinga 9. januar.

Artikkeltags